I fjor tok han vandrepokalen under Vetenløpet. Laurdag jaktar han på rekorden.

Thorbjørn Ludvigsen - Veten-vinnar i 2016 og 2017.

Thorbjørn Ludvigsen - Veten-vinnar i 2016 og 2017. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Stoltzekongen Thorbjørn Ludvigsen er klar for å hevde seg under Vetenløpet laurdag.

DEL

Laurdagsmorgon kjem ein bergensar med motbakkeløp i beina attende til Vetenløpet 2018 med eit klart mål: Å ta rekorden. Thorbjørn Ludvigsen er den noverande stoltzekleiv-kongen og sprang inn løyperekord i eit motbakkeløp på Syvde på Sunnmøre nyleg. I fjor stakk Thorbjørn Ludvigsen av med vandrepokalen under Vetenløpet, då han allereie hadde vunne Vetenløpet to år på rad. Men med tida 27.06, var han halvanna minutt bak løyperekorden til John Sampol og eitt minutt og 16 sekund bak sin eigen rekord.

– Eg jaktar på den rekorden. Eg fekk ei god tid i 2015, så gjekk det litt nedover i 2016 og 2017. Då var eg sjuk. Eg har enda til gode å prøve meg på den rekorden på Veten, så eg håpar på at 2018 vert året, seier Ludvigsen.

Ludvigsen hadde også håp om å ta motbakkerekorden under Hovlandsstølen Opp i juni, men der vart det for tungt. Sjølv om han tok sigeren i herreklassen, vart tropevarmen for mykje for bergensaren.

Løypa opp til Veten er på 4,6 kilometer frå start på Grotlesanden og målgang på Veten 527 m.o.h. Total høgdestigning er om lag 575 høgdemeter på grunn av ein slakk nedoverbakke oppe på Vetenplatået. I snitt har løypa stigning på 12,5 prosent. Det er påmeldt 200 totalt til løpet, og 80 av desse er i konkurranseklassen.

For Ludvigsen er det ei jamn oppkøyring til motbakkesesongen. På vinterhalvåret spring stoltzekleiven-kongen 25 timar i veka. I sommarsesongen klarar han seg med 12 timar trening i veka utanom konkurransane. Det står att å sjå om det held for å stele rekorden i bakkane opp Veten.

I tillegg kjem Eli Anne Dvergsdal som har kvinnerekorden i Vetenløpet.  Ho tok fjerdeplass i EM fjelløp tidlegare i veka.

Artikkeltags