Turneringa denne helga er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fotballkrets, Eikefjord IL og Florø Sportsklubb. Dagleg leiar i Florø Sportsklubb, Trond Hansen fortel til Firdaposten at han håper så mange som mogeleg tek turen til kunstgrasbana på sentralidrettsanlegget i Florø der dei kommande stortalenta på Vestlandet er samla denne helga.

Dette er dei beste 14- og 15-åringane på Vestlandet som skal spele kampar mot kvarandre. Alt ligg til rette for at helga skal bli minnerik for dei deltakande laga, og arrangøren ynskjer alle interesserte velkommen til Florø. Klokka 18.00 i kveld fredag 8. september møter Sogn og Fjordane-jentene Hordaland og etter at den kampen er det gutane sin tur å møte Hordaland.

Laurdag er det laga til Rogaland og Hordaland som møte kvarandre, før Sogn og Fjordane skal måle krefter med Rogaland på søndag.