Vedunderleg veg mot vest

Artikkelen er over 14 år gammel

FLORØ: Med ein lett bris i ryggen og strålande sol heile vegen, smitta smilet blant deltakarane som hadde meldt seg på Rett Vest for 24. gong. Med 150 fleire påmelde enn i fjor var Rett Vest-general Leif Reknes eit einaste stort smil heile laurdagen.

DEL

Til og med dei tøffaste som hadde valt maratondistansen verka våryre denne helga. Inne i Grøndalen rann det friskt av snøsmelta vatn ned den steile fjellveggen i aust, og.elles hadde bygdefolket ned tradisjon tru heist flagg, og mange hadde samla seg på drikkestasjonane for å heie løparane vidare vestover. For betre kan ikkje eit mosjonsløp bli. Det 24. i rekkja står truleg att som eit av dei vakraste Rett Vest til no.

Olden-ekspressen

Reint sportsleg var det ingen store overraskingar. Helge Hafsås stakk frå resten av feltet på maratondistansen og vann som han ville. Men det var ein skeptisk Hafsås vi møtte trippande på startstreken i Grøndalen.

– Nei, eg har slite litt med innfluensa, og eg er ikkje heilt sikker på korleis dette vil gå. Under tre timar skal eg no i alle fall, kom det frå Hafsås i Grøndalen. Han rekna med at motbakkane ville merkast spesielt.

Hafsås tok som venta kommandoen fra start og var langt føre resten av feltet etter den første kilometeren. Og etter kvart skulle 39-åringen overraske seg sjølv. Tida 2.36 var betre enn han hadde rekna med.

Dette var det 92. maratonløpet til Hafsås, som skal passere 100 løp denne sesongen. Han håper løp nummer 100 skal skje i Hornindal, der han starta løparkarrieren sin.

Tvekamp

På 10-kilometer var Harald Nygård som vann sin første tittel føre Jan Arve Solheim i herreklassen. Heimehåpet Solheim starta i front, men i Mekevika fekk Nygård nokre meter på Solheim. Han klarte å halde luka til mål.

– Eg spring betre i front og blir litt stressa av å ha løparar rundt meg, sa Nygård. Han var om lag 300 meter føre Solheim i mål.

– Dette gjekk veldig bra. Fantastiske forhold! kom det frå Nygård som vann Rett Vest for første gong.

Nygård fortel han trivst best på 1500 meter og 3000 meter hinder og i utgangspunktet syntest 10 000 meter var i lengste laget. Men som reindyrka løpar meinte han å ha tak på Solheim. No står det 2-2 dei imellom.

– Hadde vi hatt ski på beina, er eg redd det ville sett totalt annleis ut, seier han og takka Solheim for kampen.

Jan Arve Solheim hevda han var i fin form, men hadde ikkje noko meir å gi i kampen mot AKS 77-løparen.

Fem på rad

På damesida var det heller inga overrasking på 10-kilometeren. Norunn Stavø vann som ho ville på heimebane og tok no sin femte tittel på like mange år. Dermed var det eit lite jubileum for løpardronninga i FT&IF. Sjølv om ho utklassa resten i damefeltet, vedgjekk ho at det var ei tøff mil.

– Eg var verkeleg sliten etter målgang. Eg har vore litt småsjuk og synst det var forferdeleg tungt denne gongen, kom det frå Stavø. Sjølv om smertene undervegs var store, trekte ho likevel fram dei strålande forholda denne gongen. – Det var fantastisk, vi hadde medvind nesten heile vegen, og det kunne strengt tatt ikkje vore betre, seier vinnaren.

Knax-boom

Knax-løpet som er eit løp i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, vart ein dundrande suksess denne gongen. Løpet på 4.2 kilometer kring Storåsen dobla tallet på påmelde frå i fjor. Heile 210 deltakarar sprang, gjekk, trilla eller jogga kring byåsane denne føremiddagen. Dermed vart det hektisk for representantane frå banken som ikkje heilt hadde venta at Knax-løpet skulle slå slik an. Alvdis Solvang måtte ein tur i bankvelvet for å hente fleire premiar til deltakarane.

– Det gjekk bra, vi har eit lite premielager liggjande, humra Solvang.

Rett Vest-general Leif Reknes fekk ikkje anna enn skryt for arrangementet.

– Dette var heilt utruleg, og spesielt kjekt er det at vi kunne registrere heile 150 fleire påmelde enn i fjor. Sigmund Solheim som er erfaren løpar fortalde han aldri har hatt det så godt langs Klavelandet, og det er godt å høyre, fortalde Reknes.

Rett Vest-sjefen sprang sjølv i front med ungane kring åsen, og over alt kom folk ut av husa for å heie på barnetoget.

Artikkeltags