Vårens vakraste eventyr

På veg Bremanger rundt.

På veg Bremanger rundt. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

I år er det rekordstor deltaking med 38 personar som syklar Bremanger rundt, frå Svelgen til Bremanger og Smørhamn, og tilbake til Svelgen igjen. 1/3 av gruppa er nye håpefule.

DEL

- Eg vil presisere at dette ikkje er noko sykkelløp, men ein sykkeltur! Alle kan delta, og vi legg opp til en stressfri, roleg og fin tur, fortel tilretteleggar Per Arne Sæterlid.

Flotte naturopplevingar og sykkelsuppe

Dei har to følgjebilar med ekstra utstyr og mat til deltakarane. I Davik er det middag, der dei får servert ei rykande fersk sykkelsuppe, med nysteikte rundstykke til.

- Vi har gleda oss til denne turen heile vinteren, det er fyrste gongen eg er med, fortel Susanne Talle.

Ekspert

- Per Arne Sæterlid er ekspert på å plukke dei finaste dagane til turen, sa Trond Hatleset.

Jentene har trena spinning i vinter, og meiner det hjelp med litt trening på førehand. Løypa er kring 12 mil lang, med ei ferjepause på slutten.

Det blir avslutning med pizza på hotellet

Artikkeltags