Vard: – Blir spennande å sjå kva som møter oss

Kan Kristoffer Valsvik og Florø reise kjerringa mot Vard Haugesund?

Kan Kristoffer Valsvik og Florø reise kjerringa mot Vard Haugesund? Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Dagleg leiar i Vard Haugesund, Bengt Førland, er spent på kva han kan vente seg frå det unge Florø-laget til helga.

DEL

For rogalendingane har etter ein trøblete inngang på årets sesong verker fått sving på sakene og står no med fem strake sigrar.

Etter helgas serierunde inntok rødtrøyene tabelltopp etter 3–1 sigeren på bortebane mot Stord. Førland trur styrkeforholda er snudd sidan 4–1 tapet mot Florø i sesongpremieren.

– Vi hadde ei trøblete innleiing på sesongen med ein del nøkkelspelarar som var ute. Men vi ser at jo lengre ut ein kom i sesongen, så sette spelet seg meir. Vi har fem sigrar på rad og prestasjonane våre har blitt mykje meir stabile. Vi står fram som eit mykje betre lag enn det vi gjorde tidlegare i sesongen, fortel Førland.

Sjå klipp frå Florø - Egersund

Vard Haugesund rykka i fjor ned frå Adeccoligaen til 2. divisjon og vart av mange tippa å rykkje direkte opp att. 4–1 tapet mot Florø i sesongopninga kom med andre ord som eit sjokk på mange. Vard Haugesund daglege leiar erkjenner at han er spent på kva dei kan vente seg frå det unge Florø-laget.

– Eg har ikkje sett Florø så mykje denne sesongen, men eg har sjølvsagt fått med meg resultata deira og det er imponerande. Eg har inntrykk av at dei har ridd litt på ei bølge så langt i år, så det blir spennande å sjå korleis hausten utartar seg for Florø. Dei har hatt ein liten bølgjedal no, så det blir spennande å sjå kva som møter oss til helga, seier Førland.

For Florø sin del er både Peter Aase og Runar Hove ute med karantene mot Vard Haugesund, medan kaptein André Reksten og truleg Christer Husa er tilbake.

Artikkeltags