Utruleg 100-meter av Kjerpeset

Det går fortare og fortare for sprinttalentet Øyvind Strømmen Kjerpeset - også på dei kortaste sprintdistansane og utan hekkar.

Det går fortare og fortare for sprinttalentet Øyvind Strømmen Kjerpeset - også på dei kortaste sprintdistansane og utan hekkar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Etter dagens kortsprint i Norway Games, har ingen annan nordmann enn Jaysuma Saidy Ndure sprunge 100-meter raskare i år enn Øyvind Strømmen Kjerpeset.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Fredag sprang Florø-sprintaren Øyvind Strømmen Kjerpeset 100 meter flatt på 10,43 sekund. Dermed knuste han krinsrekorden med nesten eit halvsekund, og han held fram å levere knallsterke resultat i 2013-sesongen. Faktisk har kun Jaysuma Ndure sprunge raskare på 100 meter i år, noko som seier litt om prestasjonen.

- Dette var nesten litt ekstremt. Eg hadde håpa at om alt klaffa, så skulle eg kome ned mot 10,50. Men 10,43 var over all forventning, seier Øyvind på telefon frå Oslo fredag kveld.

Sprang i høljeregn

Løpet i Oslo hadde rett nok litt medvind, men ikkje meir enn at løpet blei godkjent for rekordbøkene. Det høljeregna då løpet gjekk, så forholda var slett ikkje optimale, noko som kan borge for at Øyvind har endå sterkare tider inne.

Det oppsiktsvekkjande er at Kjerpeset som kjent er hekkeløpar, og at det er 400 meter hekk som er spesialdistansen. Og det skal det framleis vere, sjølv om det no byrjar å gå styggfort på kortsprinten også.

- Det er 400 hekk som er distansen min. Kortsprintane tek eg kun for å trene nok fart i kroppen. Det har eg no - faktisk like mykje som verdstoppane på 400 hekk. No gjenstår det å få erfaring og trene uthaldenheit. Om alt går etter planen min, så skal eg nærme meg verdstoppen på 400 hekk i løpet av neste år, seier den ambisiøse florøværingen.

Doble distansen laurdag

I morgon kan ein vente kanskje endå sterkare prestasjonar frå 21-åringen. Då står 200 meter på programmet under Norway Games, og det er ei løpslengd som burde passe stortalentet endå betre.

- Det blir spennande. Eg gler meg stort, seier Kjerpeset.

Artikkeltags