Uavgjort i lokalderby

Av
Artikkelen er over 16 år gammel

FOTBALL: Bremanger sitt 4. divisjonslag reiste 2. påskedag inn til kommunesenteret for å spille treningskamp mot Svelgen. Og fotballhegemoniet i kommunen er framleis ikkje avklara.

DEL

Sjølv om heimelaget ligg to divisjonar under, er det ikkje nivåskilnad mellom dei to laga. Kampen enda uavgjort 1 – 1.

Svelgen og Bremanger har for vane å spele jamt. Dette taler ikkje til fordel for laget i ytre, som så vidt klamra seg fast i fjerde divisjon, medan gutane i grønt ikkje klarte å rykke opp frå sjette divisjon i fjor. Kampen i formiddagssola på Svelgen Stadion var ei grei underhaldning, med sjansar til begge lag. Svelgen gjekk opp i føring 20 minutt ut i første omgang. Eit velplassert frispark hamna på hovudet til spelande trenar Stian Bøhmer, og han fekk æra av å skåre årets første mål på stadion. Utlikninga kom på slutten av andre omgang, etter ei uheldig pasning i eige forsvar. Der dukka Kenneth Elde opp og kunne plassere ballen ved sidan av den andre spelande trenaren i Svelgen, keeper Torgeir Sørheim.

Artikkeltags