Trur på fine forhold

Artikkelen er over 12 år gammel

FLORØ: Arrangørane håpar at den varsla nordavinden skal gje fint ver og fine løpsforhold på laurdag, når Åsen Opp vert arrangert for andre gong. Det store spørsmålet er om vinnartida vert under 15 minutt.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Leiar Også i år er det trimklasse, som startar ein time før konkurransen, og Kenneth Standal i Åsen Opp-styret til FTIF oppmodar folk om å gå presis, slik at det er minst mogleg folk i konkurransetraseen når sjølve løpet startar.

– Det er individuell start, og løparane starter med eit halvt minutts mellomrom. Dermed vil det vere konkurranseløparar i traseen i eit par timar laurdag ettermiddag, seier han.

Gje plass

Tilskodarar vert inviterte opp, men vert oppmoda om å finne seg ein plass i god tid. Gjerne på toppen, men også lengre nede i dei brattaste kneikene for å gje løparane eit løft. På toppen kjem speaker Anders Ole Sunnarvik til å prøve å halde publikum orientert om løparane som kjem inn mot mål.

– Sist var det veldig god stemning på toppen av Brandsøyåsen, med klapping og heiarop då dei beste kom inn mot mål, og vi håpar å få til det same no, seier han.

Den nye høgdeprofilen er også klar etter at første del av traseen vart lagt om.

– Det viser seg at løypa er heile 800 meter kortare enn sist. Då løpet vart arrangert i november, var Åsen Opp like under 3,4 km langt, medan løypa no er like under 2,6 km, seier Kenneth Standal.

280 meter

Høgdeforskjellen mellom mål og topp er nøyaktig den same, nemleg 280 meter.

Vinnartida på snøføre i fjor var tett opp under 20 minutt, men no vert det varsla om treningstider på under 16 min, og i konkurranse er det venta at dei beste tidene vil krype ned mot 15 minutt.

– Spørsmålet er kven som vert den første under 15 minutt, seier Standal, som er overtydd om at 15-minuttsgrensa før eller seinare vil ryke, det er berre spørsmål om når.

– Utfordringa for løparane er å ikkje bruke for mykje krefter i dei brattaste bakkane. Gjer du det, stivnar du, og då rasar du fort på listene, meiner han.

Artikkeltags