Gå til sidens hovedinnhold

Trekkjer seg frå 5. divisjon

Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Mannskapsmangel har ført til at fotballgruppa i Svelgen har bestemt seg for å trekkje seniorlaget frå 5. divisjon komande sesong.

Leiaren i fotballgruppa seier til Fjordenes Tidende at dette slett ikkje kjem uventa på dei som har følgt laget. I fjor enda Svelgen på 5. plass i 5.divisjon, men ettersom mange av spelarane i den noverande spelarstallen ikkje ønskjer å spele kampar i helgane, og det er vanskeleg med rekruttering av nye spelarar nedanfrå i rekkjene, har ikkje klubben nok folk til å satse vidare i 5. divisjon. Laget søkjer difor om å få spele i 6.divisjon i staden.

– Ein del av dei rutinerte spelarane har sagt seg villige til å spele i 6. divisjon, slik at vi kan halde laget gåande, seier Arild Sande, som meiner det er viktig at bygda framleis har eit seniorlag.

Svelgen slit også med å få tak i ny trenar, etter at spelande trenar dei siste to sesongane, Trond Hatleset, har sagt nei til vidare trenaransvar.

Annbjørg Hauge Nygård