Tok tredjeplass i Diamond League

Øyvind Strømmen Kjerpeset

Øyvind Strømmen Kjerpeset Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Øyvind Strømmen Kjerpeset sprang inn til tida 50,28 i Zürich i går.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Sjølv er ikkje florøværingen heilt nøgd med tida 50,28. Han hadde nemleg håpa å knuse sin personlege rekord på 49,95 under Diamond League-stemnet i Zürich.

– Det var eit greitt løp, men eg føler ikkje at eg fekk ut potensialet mitt, slik som eg gjorde på forsesongen.Eg følte eg hadde meir inne. 400 meter hekk er eit veldig rytmisk løp. Når eg plutseleg har teke eit stort steg på hurtigheit, så blir eg sett i ein ny rytme som eg ikkje beherskar skikkeleg, og då blir eg innestengd mellom hekkane, i staden for å springe veldig godt mellom hekkane. Det er det som normalt sett er min styrke, seier Kjerpeset til NRK Sogn og Fjordane.

Målet framover er å komme under 48 sekund på 400 meter.

Artikkeltags