Tok førsteplass i Jotunheimen Rundt

Mikael Johansen i feltet.

Mikael Johansen i feltet. Foto:

Artikkelen er over 12 år gammel

FLORØ: Sykkelkometen Mikael Johansen frå Florø Cykleklubb held fram med å imponere. Han kom på delt førsteplass i sykkelløpet Jotunheimen Rundt i helga.

DEL

Mikael Johansen kom inn på delt første plass i klassen 30-39 år saman med Per Christian Brekk Sjøli, Eidsvoll SK og Andreas Hosøy frå Fana, med tida 13.21.04. Same tida hadde også Kenneth Fegri- Norema i klassen 20-29 år. Med andre bar det ein kvartett som delte sigertida broderleg mellom seg.

Jotunheim rundt vart arrangert for 17. gong. Starten er i Lærdal og løypa følgjer E16 oppover den frodige Lærdalsdalen langs med Lærdalselva, forbi Borgund stavkyrkje og over Filefjell til Fagernes. Deretter går løpet langs Rv 51 til Randen, vidare til Beitostølen og Valdresflya. Vidare til Lom i Gudbrandsdalen og over Sognefjellet, via Luster og med mål i Sogndal.

Resultatlistene.

Artikkeltags