Florø slo Sogndal

TAKKAR: Florøtrenar Terje Rognsø takkar Sogndaltrenar Eirik Bakke for kampen. Det vart 2–0 for Florø som no har fire strake sigrar til no i vinter. Foto: Svein Rune Kjøllesdal

TAKKAR: Florøtrenar Terje Rognsø takkar Sogndaltrenar Eirik Bakke for kampen. Det vart 2–0 for Florø som no har fire strake sigrar til no i vinter. Foto: Svein Rune Kjøllesdal

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Det er ekstremt viktig å ikkje ta av no, seier trenar Terje Rognsø.

DEL

Det er to månader til seriestart og kampen mot Sogndal var ein treningskamp, men likevel viste Florø Fotball styrke då dei slo Sogndal 0–2 i Sognahallen.

Dette kommenterte også Sogndaltrenar Eirik Bakke etter kampen og trudde mange lag vil merke Florø sine styrker i år.

For Florø viste seg fram som eit svakt bortelag i fjor, men til no i ventar har dei vunne alle bortekampane sine.

– Stas å møte Sogndal

Det var Oddne Årdal som sende Florø i føringa. Ei lekker pasning frå Christer Husa sin etter kvart kjende venstrefot opna dørene for Årdal som gjorde ingen feil føre mål og Florø kunne gå til pause med leiing.

Årdal har komme inn i tre kampar denne vinteren. Mot Fjøra, Førde og Sogndal og han har scora i kvar kamp.

– Det er herleg å vere tilbake etter skade. Eg har aldri vurdert å gi meg, men det er ei grense for kor lenge du ønsker å sette utdanning på vent medan du går skadd. Men no føler eg det går bra. Eg har vore skadd kvar februar dei siste tre åra, så det kjekt å vere i gjenge igjen, seier Årdal som ønsker å kjempe seg til fast plass A-laget i år. Å møte Sogndal sette han stor pris på.

Treningskampar

Florø - Førde 4-2

Florø - Fjøra 4-3

Florø - Fyllingsdalen 2-0

Florø - Sogndal 2-0

Florø - Nest-Sotra 20. feb

Florø - Førde 27. feb

Flora - Fana 28. feb

– Det er stas å i det heile tatt møte A-laget til Sogndal. At vi vinn og held nullen så må vi jo vere nøgde. Det er ein prestasjon det veit vi, men vi har beina på bakken. Vi er effektive og har sjølve mykje jobb som skal gjerast før seriestart, åtvarar Årdal.

I andre omgang var det hurtigtoget Tord Hovden som sette på turboen på venstrekanten. Han kom til dødlinja og fekk lagt inn. På bakarste stolpe stod den nye midtbanespelaren til Florø Luc Jeggo og scora sitt første mål for nyeklubben.

Ein lynrask kontring heilt etter boka. Begge måla kom på overgangar akkurat kva florøtrenarane ville jobbe med i Sogndal denne helga.

– Vi ville, og gjer, ein solid defensiv kamp. Vi ønskte å vere kompakte bak og Vegar Gjermundstad og Runar Hove er solide i midten, seier Terje Rognsø. Han er klar på at mykje svingar i slike treningskampar og meiner det er spesielt viktig å ikkje ta av.

Han lét laget som møtte Sogndal kvile mot Fyllingsdalen laurdagen.

Vann mot Fyllingsdalen

Laurdagen vann nemleg Florø 2–1 mot Fyllingsdalen.

Det var Florø sine sterke afrikanarar som sikra måla. Kaddu Aton scora i første medan Ntege Cone la på til 2–0 i andre omgang. Fyllingsdalen fekk trøystemålet sitt på overtid.

Med dei to sigrane i helga har Florø fire strake sigrar så langt.

Artikkeltags