Firdaposten og dei 63 andre lokalavisene i Amedia har fått TV- og web-rettane til NM i tennis i Frognerparken i 2018.
I tillegg har Amedia ein opsjon på rettane for NM, Davis Cup, Fed Cup, samt fleire mindre turneringar på norsk jord i 2019 og 2020. NM i Frognerparken går i år over to veker, med senior-elite og U14-klassen frå 3. til 11. august.
Veka etter speler dei andre juniorklassene U16 og U19.
I tillegg til direktesending av semifinalane og finalane 10. og 11. august, vil Amedia streame fleire kampar tidlegare i turnering. Alle kampane som sendast vil vere tilgjengelege for alle Amedias abonnentar gjennom deira lokalavis, samt gjennom Oslo-baserte Nettavisen.
– Vi gleder oss til å gjere tennis allment tilgjengeleg i Norge, seier Helge Birkelund, direktør for sportsutvikling i Amedia.
– Dette er ein stor og god avtale for norsk tennis som vil gi oss meir synlegheit, samt spreie det glade bodskap om norsk tennis på fleire nivå i heile landet. Gjennom Amedia sitt nettverk kan både område og utøvarar frå stader som ikkje tradisjonelt vert forbunde med tennis også få meir merksemd. Amedia er et av Norges største mediekonsern. Dei satsar på spreiing i digitale kanalar, som også er ein viktig del av NTFs strategi. Vi er glade for å få Amedia på laget, seier markedssjef i Norges Tennisforbund Håkon Bjercke.
Det er 10. gangen NM i tennis vert arrangert i Frognerparken i regi av Norges Tennisforbund.
Firdaposten og Amedia sender også mellom anna kampar frå Norway Cup, Postnord-ligaen, fotball 3. divisjon og NM-cupen i fotball.
- Sjå direktesendingane her: Norgessporten
Der kan ein også til dømes sjå Norway Cup-kampane i opptak.