Gå til sidens hovedinnhold

– Synd, men forståeleg

Artikkelen er over 17 år gammel

FLORØ: FSK-trenar Bengt Solheim-Olsen mister to solide spelarar til Svelgen til våren. Men han skjønner avgjerda og ønskjer dei lykke til.

Trond Hatleset har no busett seg i Svelgen og meiner at pendlinga til Florø ville ta for mykje tid. Dermed søkte han overgang frå Florø Sportsklubb til moderklubben Svelgen TIF.

– Synd at vi mister Trond, men det er ikkje uventa, for å seie det slik, seier Bengt Solheim-Olsen og fortel at han kjenner til det positive som skjer i Svelgen-fotballen.

– Trond har gitt oss to gode år og har vore ein fantastisk mann å ha i klubben. Eg ønskjer han all muleg lykke til vidare som trenar, kjem det frå Solheim-Olsen. Han reknar med at Hatleset vil gjere det godt som trenar i Svelgen.

– Trond er ein naturleg autoritet i fotballmiljøet, og vil bli ein god trenar. Det neste året blir lett, då han berre treng å gi ballen til veslebroren sin Frank som kjem til å springe frå alle! Med desse to spelarane på laget vil dei kjempe i toppen av 5. divisjon i alle tilfelle. Det er det ikkje nokon tvil om, slår han fast, og gir dermed Hatleset brørne dei beste referansar frå tida i Florø Sportsklubb.