Suveren Hafsås i Rett Vest

Artikkelen er over 15 år gammel

FLORØ: Maratonmannen Helge Hafsaas, Olden, sleit seg inn til sin sjette maratonsiger på rad under laurdagens Rett Vest.

DEL

Han sette avgarde i stort tempo og leia heile vegen. Med tida 2.33.19 var han eit hav framfor neste mann på distansen og berre fire sekund bak si eiga bestenotering i Rett Vest.

Han gjennomførde forresten sitt fjerde maraton for året. Dagmund Ramsdal var best frå Florø med tida 3,12.06 under nesten perfekte forhold, litt kjølig og nesten utan vind.

Ragnar Melstad, Knarvik fekk beste tid på halvmaraton 1.21.38, medan Ingunn Eikrem Olsen kom i mål som beste kvinne på den gode tida 1.35.30.

Kring 300 deltok i løpet.

Andre vinnarar:

5 KM: Ole Henrik Bjørnset (16) sprang sitt første løp og fekk jamvel beste tid på distansen.

Alf Roger Holme fekk endå ein gong beste tid på 10-km. Osloguten med anar frå Hyen kom inn til tida 33.53, sju sekund framfor snart ti år eldre Jan Arve Solheim, Florø.

Norunn Stavø vann dameklassen på ti kilometer.

Vi kjem med meir frå Rett Vest seinare.

Artikkeltags