Supre symjarar frå Svelgen

NØGD TRENAR: Gry Gulestøl i STIF.

NØGD TRENAR: Gry Gulestøl i STIF. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

FØRDE: Fantastiske 22 gull, 13 sølv og ein bronse vart fangsten i open klasse for Svelgen-symjarane under Førde-sprinten sist helg.vvv

DEL

Svelgen stilte med 11 symjarar og to rekruttar i stemnet der det var konkurrentar frå Førde, Volda, Brattvåg, Sogndal, Ålesund, Florø og Svelgen.

Rekruttane Alexander Mundal og Adrian Teigene deltok laurdag og gjorde ein flott innsats.

I open klasse vart det mange individuelle medaljar til Svelgen. Medaljefangst:

Rikka Kjelkenes: 2 gull, 1 sølv. Elisabeth Mundal: 4 sølv. Nora Teigene: 1 gull, 4 sølv. Rebekka F. Blix: 1 sølv, 1 bronse. Katrine Ask: 5 gull. Torstein Ask: 6 gull. Marcus Teigene: 1 gull, 3 sølv. Matias Gulestøl: 7 gull. I tillegg deltok Vegard Strandos, Jan Lucas Førde og Sebastian Ephithite.

Jentene tok sølv på begge stafettane, 4x50 medley og 4x50 fri. Her deltok Elisabeth, Nora, Katrine og Rikka. Gutane tok sølv på 4x50 medley. Her deltok Jan Lucas, Sebastian, Marcus og Torstein. På 4x50 fri tok gutane gull. Her deltok Marcus, Matias, Sebastian og Torstein.

-Det var berre 1 sek frå klubbrekorden som har stått sidan 1978. Den skal takast til våren! seier leiar Gry Gulestøl i symjegruppa.

Ho er stolt over resultata til symjarane som trenar i eit 12,5 meters basseng.

Artikkeltags