Gå til sidens hovedinnhold

Superstjerne i diskosringen

Artikkelen er over 18 år gammel

DISKOS: Den olympiske meisteren, den femdoble verdsmeisteren og Europameisteren i diskos, Lars Riedel, kjem til Florø Friidrettsfestival laurdag. Den tyske friidrettsstjerna er også i storform. I eit stemne i Halle, Tyskland søndag kasta han diskosen nesten 70 meter.

Etter at spydesset Steve Backley vart skadd og ikkje kunne sesongdebutere i Florø, har stemneleiinga jobba intenst med å få ei anna megastjerne til å kaste glans over arrangementet. Dei hadde mellomdistanse-stjerna Wilson Kipketer på glid, men han kunne ikkje avbryte treningsleiren som går ut dei neste tre vekene. Etter mykje "stong ut" smakte det difor ekstra godt for friidrettsleiinga å få ein endå større fisk på kroken. Og det heilt på tampen. Tyskaren Lars Riedel er ikkje berre meir merittert enn nokon av dei andre som har vore i Florø før, han er også i storform!

Ville til Florø

For publikum er dette ein verkeleg godarta karamell. Kastøvingar er generelt sett publikumsvenlege og Florø Stadion er som skapt for diskos. Kastefeltet går mot nordvest der vinden trekkjer inn mellom by-åsane. Dette påpeika også Mette Bergmann då ho sette den norske rekorden i diskos på Florø Stadion i 1995. For til hennar eiga undring "hang" diskosen i motvinden slik at den norske rekorden vart slått med heile 3.22 meter. Det er også verdt å merke seg at rekordkastet 69.98 var det beste registrerte kastet i verda det året. Ukjent for mange, men ikkje for verdseinaren i diskos, Lars Riedel. Han hugsa godt det verdsbeste kvinnekastet frå 1995, og arenaen Florø sto øvst i friidrettskalenderen over diskos åtte år tilbake. Dette var noko av grunnen til at Riedel ville til Florø. Det kan tyde på at diskosgiganten (1.99 meter høg og 115 kilo) har planar for auget.

Kasta 69.50 søndag

I eit stemne i Halle i Tyskland forrige helg kasta nemleg Lars Riedel heile 69.50 meter. Sjølv har han ein personleg rekord på 71.50. Betre reklame enn ei verdensstjerne i storform på ei bane skapt for diskos, den olympiske idretten framfor nokon, kan ikkje Florø Friidrettsfestival få. For her kan storkastet komme. Årsbeste i verda kan vi forvente frå tyskaren som har vore den største diskoskastaren i verda gjennom heile 90-talet og heilt fram til i dag. Det er dessutan på sin plass å nemne verdsrekorden i diskos som skriv seg tilbake frå 1986 av landsmannen Jürgen Schult. Den vart sett i Neubrandenburg og er på 74.08 meter.

- Utruleg moro!

Elitekoordinator for Florø friidrettsfestival, Ståle Jan Frøynes, formeleg klukklo over at dei nok ein gong fekk storstjerna på plass også i år. Han har hatt jamn kontakt med Riedel sidan søndag og no har han takka ja til invitasjonen.

Riedel fekk stor merksemd frå media då han tok over diskos trona på 90-talet. Dette var ikkje minst for at han fysisk var langt meir atletisk enn sine konkurrentar. Og i idrettar kor nokre stjerner har total-dominert, er Lars Riedel og diskos ein av dei få.

– Eg brukte Florø Stadion som argument, og det trur eg lokka Riedel, fortel Frøynes, som gler seg over at statusen til stemnet står ved lag. For i Florø har vi blitt vande til at verdsstjerner er på plass i slutten av mai.

– Norsk friidrett og Florø skal vere glade for det vi har fått til, og med gode forhold og tørr ring, skal det bli utruleg moro å sjå kor den diskosen hamnar, avsluttar Frøynes. I kveld landar flyet til den olympiske meisteren på Florø lufthamn.