Spenstige Svelgen-gutar

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

FRIIDRETT: Det var sterke resultat frå Svelgen TIF under Strynehalleikane i friidrett i helga. Både breidd og prestasjonar syner at STIF går ein spennande utandørssesong i møte.

DEL

Friidrettsmiljøet i Svelgen gror som aldri før, og resultata frå Strynehallen i helga er oppløftande med tanke på at det snart er tid for å kunkurrere under open himmel. Det er gledeleg å registrere at fleire yngre dukkar opp bak talenta som har vore med nokre år i Svelgen. For 16-åringane Tor Inge Øvrebotten og Kim Leirvik var som venta i toppen på alle øvingane dei stilte opp i under Strynehalleikane.

Elleveåringen Daniel Holm imponerte i høgde der han hadde vunne i aldersklassa eit år eldre med resultatet sitt. Saman med jamgamle Pål Valberg, Øyvind Myrhol (13) og 15-åringane Fredrik Talle og Per Erik Rise viste han at spenst er noko gutane frå Svelgen har så det monnar. Blant 14-åringane var Jørgen Bjørkedal frå STIF i ein klasse for seg sjølv. 1.60 meter var 30 centimeter føre nummer to i klassa, og det vart også suveren siger i lengde. Per Erik Rise (15) vart nummer tre i høgde med 1.50 centimeter medan Henriette Frøyen (14) kom på sølvplassen i høgde. Marte Holm (10) var ei anna jente frå Svelgen som viste flotte takter.

Artikkeltags