Gå til sidens hovedinnhold

Slo rekord frå 1975

Artikkelen er over 14 år gammel

Svelgen-guten Kim Leirvik (19) som no hoppar for FT og IF, utraderte 2. pinsedag stavhopprekorden i fylket frå 1975. Den er no heva til 4,51 meter.

Det var under eit stemne i Florø der 17. deltakarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane var med.

– Kim hadde eit godt forsøk på 4,62 også. Men han sletta i dag den gamle rekorden til Edgar Bjørnseth på 4,40, fortel Øystein Myrvold. Saman med Ingvald Ytrehus i Svelgen har han hatt ansvaret for utviklinga til Kim Leirvik, før han no er teken over av den bergensbaserte finske trenaren Pavo. 4,51 er både senior og juniorrekord i kretsen.

– Kim går siste året på vidaregåande i Florø. Han skal forresten har eksamen i morgon, så dette var ei fin opplading, avsluttar Myrvold. Neste helg deltek Leirvik i Fram-leikane i Bergen.