Thomas vart tidenes yngste vinnar

Tomas haugnes i midten

Tomas haugnes i midten Foto:

Han er førsteårssenior og berre 17 år. Likevel kunne kan han no kalle seg Samlagsmeister i skyting.

DEL

Leiar Bjarte Haugnes i Florø Skytterlag har all grunn til å vere stolt då resultata til Tomas Haugnes vart klare under Samlagstemne miniatyrskyting. Sjølv om det betydde at han sjølv enda på tredje plass.

Les også: Florø-juniorar fekk gode råd av skyttardronninga

– Det er sjølvsagt veldig kjekt at vår eigen førsteårssenior Tomas, på berre 17 år, vart samlagsmeister i klasse 3.5 med 345 poeng!, skriv leiaren til avisa.

Tomas er difor tidenes yngste vinnar på stemnet i Florø. Han slo Arnhild Eiken med 1. inner.
Leiar Bjarte Haugnes vart nummer tre med 344 poeng.

Stemnet vart arrangert i Florø 3. og 4. mars på Florø barneskole.

Artikkeltags