Det er Hedrum og Larvik Sportsskyttere som arrangerer NM-stemmnet i feltskyting. I dag blei oppgjeret i klassen revolver arrangert og Joleik frå Florø Pistolklubb greidde nesten å kapre gullet.

Dei offisielle resultatlistene var onsdag kveld ikkje klare enno, men det var klart at Joleik kapra sølvet. Med det har han vore på pallen fire år på rad- ein imponerande prestasjon.