Skal sykle for storklubb

Mikael Johansen

Mikael Johansen Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Florøs framste syklist tør i medvind for tida.

DEL

Mikael Johansen har plassert Flora Cykleklubb høgt oppe på resultatlistene siste året, med fleire førsteplassar og andreplassar i tøffe ritt. Så bra har han sykla at sjølv bergensarane fekk auga opp for florøværingen.

– Det stemmer at vi har teikna kontrakt med Mikael. Vi har medlemmer frå fleire kantar av landet, men det spesielle med Mikael er at han går inn i den aktive gruppa, trass i at han ikkje bur i Bergen, seier styreleiar i BCK, Hans Jørgen Morvik.

For dei sterkaste

At Mikael Johansen i det heile greier å henge med på seniornivå er ein stor prestasjon. Morvik seier at det vert stilt enorme krav til dei som vil satse seriøst på sykkelsporten.

– Syklistane i elitegruppa vår må tole svære treningsmengder, både her heime i kulde og regn og lenger sør i Europa. Mikael blir med oss no på ein fjorten dagar lang treningsleir på Mallorca.

Sjølv er Mikael Johansen nøktern og jordnær om eigne prestasjonar.

– Eg fekk til ein god sesong i fjor. Det er få som kan sette av så mykje tid til idretten sin som det eg får lov til av kona, så slik sett er nok ho den viktigaste støttespelaren min, seier Johansen, som no får eigen trenar og ein god del støtte til reiser og utstyr.

Gler seg veldig

Johansen har sykla til Magnhildskaret, Hyen og Naustdal og tilbake i allslags ver. No gler han seg til å trene med andre på sitt nivå, i behagelege temperaturar på middelhavsøya Mallorca. I elitegruppa i klubben BCK er det berre seks syklistar.

– Vi fekk ein norgesmeister i fjor på bane, og vi hadde ein del andre gode plasseringar i diverse ritt, noko som er bra med det vesle laget vi har, seier Hans Jørgen Morvik. Han lover at Mikael kjem i godt selskap i Bergen, med tidlegare proffsyklistar blant støttespelarane.

Artikkeltags