Sikra 3.-plassen i Geiranger

Foto:

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

NIBBERITTET: Mikael Johansen frå Flora Cykleklubb vart nummer tre i racerklassen under Nibberittet i Geiranger laurdag.

DEL

Ikkje nok med det, men mor til Johansen, Norunn Stavø, vart nr. 2 totalt i dameklassen – Geiranger Halvmaraton – som følgjer same løypa som syklistane.

Nibberittet er eit litt uvanleg sykkelløp. Etter starten i Geiranger sentrum startar klatringa opp til Flydalsjuvet med ei stigning på 1:12. Etter kvart tek asfalten slutt, og ein startar på grusvegen som vekslar mellom flate og bratte parti opp til toppen av 1500 meter høge Dalsnibba. I alt har løypa 35 svingar på 180 grader. Siste delen av løypa har ei stigning på 1:8.

Rittet vart vunne av Tom Larsen som sette ny løyperekord med 1.05.33. Han stakk dermed av med både førstepremien på 5000 kroner og nye 5000 for ny løyperekord. Mikael Johansen på tredjeplass kom inn på 1.08.52.

Han låg litt bak i feltet då to mann hadde taktikken klar og rykte tidleg i rittet. Johansen freista å ta desse to inn att åleine, men dei to køyrde godt i lag, og avstanden vart for stor. Likevel gleid Johansen frå resten av hovudfeltet. Norunn Stavø kom inn på 2.13.57. Men det var lite å gjere med sterke Anita Håkenstad Evertsen på 1.39.54.

Artikkeltags