– Dei er begge gode fotballspelarar, men eg kjem til å sende dei heim utan kontrakt, seier han. Med Cato Guntveit og Raymond Kvisvik tilbake i raudt, meiner han laget er forsterka. Likevel er han klar på at det må ytterlegare krefter til skal Brann overleve haustsesongen som tippeligalag. Likevel var hadde ikkje Nigerianarane det Mjelde var ute etter.

– Vi treng forsterkingar, men først og fremst må vi gjere det beste ut av det mannskapet vi har.

Toppscorarar i nigeriansk Premier League, Chimuzor Ozarunmba, scora det første av Brann sine mål søndag. Han meinte han hadde gjort ein god figur og håpa på napp.

– Eg er blitt kontakta av mange forskjellige klubbar, men leiaren i min Nigerianske klubb ville at eg først skulle prøve meg i Brann og sjå korleis det ville gå. Her har eg følt meg som heime og spelarene har vore svært inkluderande. Eg håper på kontrakt og speler gladeleg for denne gjengen, fortalde Ozarumba like før han fekk den negative meldinga frå Mjelde i garderoben.