Florø seilforening har medvind i segla. No går det mot opprykk til eliteserien.

Seglarane fra Florø Seilforening kom på andre plass i den tredje runden i serien.  Frode Stavang, Even Onstad, Vegard Reksten Årebrot og Kjetil Karstensen Indrehus.

Seglarane fra Florø Seilforening kom på andre plass i den tredje runden i serien. Frode Stavang, Even Onstad, Vegard Reksten Årebrot og Kjetil Karstensen Indrehus. Foto:

I den tredje runden i Seglsportligaen sin første divisjon, hamna Florø på andre plass. Det betyr at laget med all sannsyn rykker opp til elitedivisjonen igjen.

DEL

– No har vi stødig kurs mot opprykk, stadfestar Frode Stavang i Florø Seilforening.

Laget frå Florø tok første plass i dei to første serierundane. Stavang er på lag saman med Even Onstad, Vegard Reksten Årebrot og Kjetil Karstensen Indrehus.

– Det blei andre plass denne gongen?

– Det er ikkje dårleg det. Oslo Seilforening henta inn ein av sine kvassaste med lang erfaring, og då måtte vi sjå oss slått.

Mannen han pratar om er Geir Victor Svendsen. Han har ørten NM-medaljar og lang erfaring med hendene på roret.

– Sjølv om det dukka opp eit anna godt lag, beit vi godt frå oss denne gongen og, seier Stavang.

Må få vinden i segla

Serien er fordelt gjennom fire rundar, som alle går over to dagar. I serien møtast femten lag til start. Gjennom helga rullerer laga mot å møte kvarandre, og ved enden av helga har alle segla mot alle, og ein tronar att på toppen.

– Løypa er ei såkalla pølsebane, der ein siglar ei strekke før ein snur og går same løypa attende. Vi treff målgang i medvind, noko som skapar ein del spanande situasjonar når alle nærmar seg mål, forklarer han.

Den raskaste frå start til mål vinn. Her gjeld det å utnytte kvart einaste vindkast. Det legg høge krav til seglarane om å tenke strategisk slik at ein passerer målstreken før konkurrentane.

Kva er den største utfordringa?

– Ein må prøve å få med alle vindskifta. Vrir vinden berre fem grader kan det få store utslag på fart, seier han.

Siste runde i september

Den fjerde og siste runden arrangerast i Arendal den 7.–8. september. Med to plasseringar på toppen av pallen, og ein andreplass, peikar alt mot opprykk.

– Det er nesten så vi slepper å segle den siste runden, sjølv om vi sjølvsagt skal vere med, seier Frode Stavang leande.

Opprykket er ekstra motiverande. Frode Stavang og laget frå Florø har vore i eliteserien dei to førre sesongane, før dei med ein knapp margin rykte ned til 1. divisjon. Stavang understrekar at alle på laget er svært klare for å hevde seg blant dei beste i landet igjen.

– Det er klart det er kjekkare i elitedivisjonen, sjølv om vi får skikkeleg juling til tider.

Artikkeltags