Rekordmange på skirennet i Ålfotdalen

Sindre Sande går forbi både Karoline Frøysland og Denise von Dijken allerede i første bakke.

Sindre Sande går forbi både Karoline Frøysland og Denise von Dijken allerede i første bakke.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

I alt 107 born hadde meldt seg på skirennet som Ålfoten Idrettslag og Svelgen Turn og Idrettsforening arragnerte ved Karlskarstova mellom Ålfoten og Svelgen 7. Februar.

DEL

Med både besteforeldre, onkler, tanter, søsken, slekt og venner var det eit yrande liv på Karlskarstova denne søndagen. Flott veir, og berre -2 minusgrader var det godt humør, blå swix, kakao, kaffi og vafler som seg hør og bør til eit skirenn.

- Eg er redd vi ikkje har nok startnumre, lød det frå sekretariatet ved Asle Førde og Jarle Frøyen. Køen var lang utenfor sekretariatet, og dei 80 nye startnumra strakk ikkje til for å dekke behovet. Til slutt måtte dei fram med dei gamle startnumrene for å få med alle som ville.

I løypene var det god stemning, også sjølv om dei siste deltakarane måtte vente noko på å få sleppe til.

Skiglede og entusiasme blandt borna vistes tydelig i sporet. Etter litt leik og moro utanfor Karlskarstova blei det delt ut flotte diplomer til alle 107 deltakera.

Neste skirenn blir den 21. februar samme sted. Då reknar vi med at Ålfoten og Svelgen Idrettslag har fått tilstrekkelig med startnumre, hvis endå fleire skulle finne vegen til løypene.

Artikkeltags