Raskaste mann i fylket

Artikkelen er over 12 år gammel

FRIIDRETT: Eivind Stavang (25) tok svelgaren Kurt Hessvik sin 12 år gamle krinsrekord på 100 meter på Florø Friidrettsfestival laurdag. Den gode tida overraska 25-åringen som hadde eit tett program i konkurransen.

DEL

Det var mykje styr før rekorden i finalen kunne godkjennast. For 100 meteren vart snudd slik at lista kom til høgre for finalefeltet. Det er i følgje regelboka feil.

– Det er mange rare reglar, men sidan det var 100 meter og feltet berre spring rett fram spelar det ikkje noko rolle, seier Stavang som langt i frå trudde finaleløpet var godt nok for å ta krinsrekorden. For det var i forsøket han viste seg fram for publikum.

Då var han på høgde med den mangeårige sprintkongen i Norge, John Ertzgaard. Han kom inn på tredje like bak og klokka inn på 10.7. Då løpet gjekk «feil» veg for å dra nytte av vinden som trekte inn i frå vest, måtte dei nytte det gamle tidtakarsystemet som viste seg ikkje å fungere riktig i forsøket.

– Forsøket var nok eit bedre løp, seier Stavang som fekk tre løp på rappen. For etter forsøket på 100 meter var det klart for 110 meter hekk som er primærøvinga til Florøværingen.

Her kom han i mål på andreplass der han slo rival Magnus Husby Rostad klart, men måtte sjå russaren Borisov føre seg i mål.

– Innan 17. juni er det den med best tid i landet som blir med på E-cup og då er det viktig at eg held meg føre Magnus til den tid, seier Stavang.

Merkeleg

Med to løp i beina så stod Stavang til start på 100 meter og rekna med det ville bli tungt.

– Det blir nok litt for tett dette her, sa Stavang før han rusla i blokkene. Og i det sterke feltet vart han også hengande bak. Men farten var det ingenting å seie noko på. For svelgaren Kurt Hessvik sin 12 år gamle 100 meter rekord på 10.94 vart slått med to hundredelar.

– Forma brukar å heve seg utover sommaren, så eg reknar med å senke 100 meter tida meir, utan å vere for eplekjekk i avisa, seier Stavang

Håkon Fimland sin 40 år gamle 110 meter hekk rekord i frå 1967 står framleis. Den er på 14.34. Ein rekord Stavang lenge har sikla etter.

– Krinsrekorden på 110 hekk er nok sterkare enn 100 meter rekorden, men det er eingong slik at det er meir prestisje med 100 meteren, seier han og ler.

Raskaste i fylket

– No er du den raskaste mannen i Sogn og Fjordane, har du tenkt litt over det?

– Eh.. nei &jo..det er jo litt stilig. Og det er veldig stas å klare det på heimebane og eg må vedgå at det var difor eg stilte på 100 meter i Florø, seier han og gir seg ikkje med det.

Han fortel at han har sett målet på 100 meter til 10.85 denne sesongen. Eit mål han reknar for å vere litt vel optimistisk mål å gå for, men etter opninga på heimebane ser han at det er meir realistisk.

15. juni er neste konkurranse for Eivind Stavang. Det er på Bislett Games der han skal gjere eit nytt forsøk på hekkrekorden til Fimland. Det er berre fem hundredelar som skal til.

– Eg var to tidelar bak rekorden på heimebane i motvind. Og det opplevde eg som eit rufsete løp. Eg bør ta rekorden med den farten eg har i kroppen no, avsluttar han.

Artikkeltags