Til Haugesund med håp om medaljar

HÅP OM MEDALJE:

HÅP OM MEDALJE:

FRIIDRETT: I helga er det duka for NM i friidrett, innandørs. Florø stiller med tre individuelle utøvarar, og håp om medaljefangst. Meisterskapet ser du direkte på Firdaposten.no

DEL

Det er i Deep Ocean Arena det skjer i helgen. Haugesund IL byr inn til noregsmeisterskap i Friidrett, innandørs, og Florø Turn og Idrettsforening tek turen nedover med tre individuelle utøvarar og eit stafettlag påmelde.

– Vi stiller med tre individuelle utøvarar. Det er Øyvind Strømmen Kjerpeset, Lasse Solheim Angelshaug og Hallgeir Martinsen, som er ny i klubben. I tillegg stiller med eit stafettlag, der også Ben Jeffrey Benet vil vere med. Ben Jeffrey prioriterer ikkje individuelt i dette meisterskapet, han siktar seg heller inn på UM 2019 i Ulsteinvik, frå 1 til 3. mars i år. Men han skal springe stafetten.

Det seier Tore Kjerpeset i FTIF. Han er klar til avreise til Haugesund då Firdaposten ringer. Han fortel at Hallgeir Martinsen er ein treningskamerat av Øyvind Strømmen Kjerpeset, som bur i Oslo, men som skal representere Florø framover. Mellom anna for å kunne springe stafett. Kjerpeset har eit håp om at FTIF kan få med seg edelt metall i kofferten på vegen heim igjen.

– Øyvind siktar nok på medalje på 200 meter, og det kan han klare. Når det gjeld dei to andre så er nok målet først og fremst å kome vidare frå forsøka, og så får vi sjå. Når det gjeld stafettlaget så har vi tru på at dei skal kunne vere med og kjempe om metall, men då skal alt klaffe. Alle må vere i form og ha dagen, og vekslingane må gå bra. Vi får sjå kva som skjer.

Firdaposten viser meisterskapet direkte her på Firdaposten.no frå klokka 11.30 på laurdag. Søndag startar sendinga klokka 09.30.

Laurdagens sending frå NM ser du her: NM Friidrett: Innandørs 2019, dag 1.
Søndagens sending frå NM ser du her: NM Friidrett: Innandørs 2019, dag 2.

Artikkeltags