Øyvind Strømmen Kjerpeset tok bronse i NM

Øyvind Strømmen Kjerpeset spring inn til bronse under NM i Sandnes 2017

Øyvind Strømmen Kjerpeset spring inn til bronse under NM i Sandnes 2017 Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

– I slutten av august er planen å gjere det skarpt i NM, sa Øyvind Strømmen Kjerpeset til Firdaposten i juni. I dag starta NM, og Kjerpeset starta like godt med medalje på 100 meter.

Kjerpeset løp på 11.02 i kvaliken. Det var nok til ein andre plass i heatet, og semifinaleplassen var sikra. Her forbetra han tida si til 10.80. Det var eit stykke bak Jonathan Tetteh Quarcoo, som vann heatet på 10.40. Kjell Håkon Morken sneik seg også føre, med 10.72, men tredjeplass var likevel godt nok til ein plass i finalen.

I motvinden i Sandnes, den vart målt til 1,7 sekund i finalen, pressa Kjerpeset tida ned enda nokre tidelar i finalen. Han løp i mål på 10.71, men akkurat som i semifinalen vart Quarcoo frå Orion for sterk. Han løp i mål på sterke 10.33 og tok med det gullmedaljen. Mathias Hove Johansen frå Skjalg tok sølvmedaljen med ei tid på 10.54.

Artikkeltags