Toppa snuoperasjonen med kontring av ypperste klasse

PÅ OVERTID: Her rett etter scoringa av Monir Benmoussa (frå høgre), saman med Truls Hovland, Rashad Mohammed, Simen Reksten Solheim. Heilt til venstre Stefan Aase.

PÅ OVERTID: Her rett etter scoringa av Monir Benmoussa (frå høgre), saman med Truls Hovland, Rashad Mohammed, Simen Reksten Solheim. Heilt til venstre Stefan Aase. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Det var to lag på nedre del av tabellen som skulle møtast då Florø tok turen til Østfold for å møte Fredrikstad.

DEL

Vertane har skuffa i starten av sesongen, og kampen mot Florø skulle være den som sendte laget frå Østfold oppover på tabellen, men det ville ikkje eit Florø på poengjakt være med på. 

Sjukdom- og skadeplaga tropp

Florø har slitt med mykje sjukdom og skader den siste veka. Difor var det fleire forandringar i startoppstillinga til Florø frå forrige kamp. Halvor Solheim-Olsen slit med ein skade, og var difor ikkje med til plankebyen, inn for han kom Kim Ødegaard Vik. I tillegg vart ein sjukdomsplaga Rashad Mohammed og Monir Benmoussa benka til fordel for Endre Kupen og Oliver Rotihaug.

Les også: - No treng vi Stimen

Florø bestemte seg for å ligge lågt, og satse på hurtig kontringsfotball. Ein taktikk Rognsø hadde suksess med i opprykkssesongen. Det førte til at heimelaget måtte stå for det meste av banespelet, og dei fleste sjansane. Den største sjansen kom derimot til Florø og Endre Kupen. Spissen fekk avslutta i undersida av tverrliggaren, nærare er det ikkje mogleg å kome. Då var det ekstra bittert at Ulrik Flo fem minutt før pause spelte gjennom spissmakker Sanel Kapidzic som sikkert sette ballen over ein Frenderup på halvdistanse. Oppgåva med å få med seg årets fyrste tre-poenger vart brått mykje vanskelegare.

- Kort og greit så er eg j***** glad

Terje Rognsø

Piruett og tre poeng

Etter 69 spelte minutta spela Stefan Aase ballen til ein Simen Solheim i medløp. Midtbanespelaren får gå uforstyrra gjennom forsvaret til heimelaget og kan enkelt spele på tvers til ein Erlend Hove som står på opent mål. Utlikna var eit faktum. 

Til pipekonsert frå eigne supportarar vart Fredrikstad tvungen til å ta fleire sjansar framover. To minutt på overtid får vertane frispark høgt oppe i bana, østfoldslaget flyttar opp, men utnyttar sjansen dårleg. I staden vert Rashad Mohammed spelt fri, og franskmannen slukte meter med ballen like foran seg, før han ved 16-meteren spelte ut til Monir Benmoussa på venstrekanten. Med ein piruett som gir assosiasjonar til Zinedine Zidane, skaffa den tidlegare Fredrikstad-spelaren seg rom til å plassere ballen sikkert i mål frå kloss hald. Florøs første siger i OBOS-ligaen vart eit faktum. 

Les også: – Vi fryktar ikkje FFK

På trass av at det venta ein ti timar lang biltur, var det ein smørblid Terje Rognsø som tok telefonen etter at årets fyrste siger var i boks.

- Kort og greit så er eg j***** glad, seier Rognsø og ler.

For laget har akkurat lagt bak seg ei trøblete veke, og kome ut av det med siger og heve hovud. 

- Vi har ikkje fått gjort ting som vi ville denne veka. På det meste har vi mangla ni spelarar på trening grunna sjukdom og skade. I dag tidleg visste ikkje vi korleis vi skulle spele, på grunn av spelarar som måtte friskmeldast (Stefan Aase og Rashad Mohammed).

FEIRA: Martin Hollevik (t.h.) feirar sigeren over Fredrikstad.

FEIRA: Martin Hollevik (t.h.) feirar sigeren over Fredrikstad. Foto:

Med den bakgrunnen vert snuoperasjonen endå meir imponerande. 

- Vi skulle ligge lågt, og ta alle kontringane, og det gjennomføra vi til glans. Vi følte vi spelte bra, og då følte vi oss litt snurt då vi låg under til pause. Heldigvis kjenner dei litt presset frå publikum etter vi scora 1-1, då tek dei alt for store sjansar, held Rognsø fram.

Les også: Stimen byr til fotballfest

Rognsø tar ikkje av etter årets første siger, men er klar på at det tar av ein del press.

- Det er klart man går å venta på den der første seieren. Det å få den unnagjort fjerna det presset, og det gjer godt. Det var omtrent på same tid i fjor det løsna for oss spelemessig (heimekampen mot Vard Haugesund), vi såg ikkje så bra ut spelemessig før den kampen, minnast Rognsø. Så gjenstår det å sjå om det løsnar i år òg. 

Skår i gleda

I pausen gjekk Endre Kupen av bana for å bli erstatta av ein sjukdomsplaga Rashad Mohammed. Diverre var ikkje bytet eit taktisk grep frå Rognsø, det var nok ein skade på fjorårets toppscorar. 

- Uff, nei vi tok han av på grunn av ein ny skade. Det er eit skår i gleda. Sist var det på baksida av låret, men i dag kjende han det i lysken då han avslutta i tverrliggaren, difor måtte vi ta han av, seier Rognsø utan at han veit skadeomfanget enda. 


Sjå kampreferat i liven her.

Fredrikstad - Florø 1-2 (1-0) 

  • Stadion: Nye Fredrikstad stadion
  • Tilskodertal: 3303
  • Målscorarar: Sanel Kapidzic (Fredrikstad), Erlend Hove, Monir Benmoussa (Florø).
  • Gule kort: Kevin Wright, Sanel Kapidzic, Moustapha Ndiaye (Fredrikstad) Peter Aase, Stefan Aase (Florø)
  • Fredrikstad (4-4-2): Håvar Jenssen, Filip Westgaard, Edvard Skagestad, Mislav Leko, Kevin Wright - Moustapha Ndiaye (Kristian Brix, 71 min),Håvard Åsheim (Ludvig Begby 46 min), Patrik Karoliussen (Shola Akinyemi, 80 min), Dinko Trebotic - Ulrik Flo, Sanel Kapidzic
  • Florø (4-3-3): Nicklas Frenderup, Kim Vik, Vegar Gjermundstad, Runar Hove, Christopher Lindquist - Stefan Aase, Simen Solheim, Erlend Hove (Truls Hovland 71 min) - Peter Aase, Endre Kupen (Rashad Mohammed, 46 min), Oliver Rotihaug (Monir Benmoussa, 65 min)

Artikkeltags