Prøvde ut fire spelarar i uavgjortkampen mot Sogndal

Terje Rognsø: Florø Fotball skal både slanke og forsterke laget før neste sesong.

Terje Rognsø: Florø Fotball skal både slanke og forsterke laget før neste sesong. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SOGNDAL: Florø spelte 1–1 mot Sogndal laurdag.

DEL

Etter 60 minutt skåra Eivind Helgesen Sogndal sitt einaste mål under kampen mot Florø laurdag. Og i det 75. minutt utlikna Alioune Ndour for Florø. Og det vart resultatet til full tid. Men resultatet har ikkje så mykje å seie, strekar trenar Terje Rognsø under. Dette handla i første omgang å prøve ut nye spelarar.

– Vi testa ut fire spelarar i dag: Archie Harvey frå Sverige og Christopher Mbambam, ein annan svenske som har spelt i Obos-ligaen før. Så testa vi ut Robert Kling, i tillegg til Simen Nordskag, ein ung trønder frå rosenborgsystemet, opplyser Rognsø.

Men kven av dei som utmerka seg spesielt under kampen, vil ikkje han seie så mykje om.

– Eg bruker ikkje snakke høgt om slik. Eg sit att med ei kjensle etterpå som eg helst vil halde for meg sjølv, og så ser eg på opptaket etterpå for å sjå om kjensla mi stemmer, seier Rognsø.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken