Gå til sidens hovedinnhold

Nytt NM- sølv til FTIF

Artikkelen er over 13 år gammel

Florø Turn- og idrettsforening har sikra seg nok eit sølv under NM innandørs denne helga. Kim Leirvik tok andreplassen i stav.

Leirvik tok sølvmedalje i stav med resultatet 4,40. Det er berre ti cm bak vinnaren.

Det er Florø Turn- og idrettsforening si førebels andre medalje under innandørs- NM i Stangehallen denne helga.

I går tok Yngve Grøneng Havn sølv i kule.

Eivind raskast

Eivind Stavang frå Florø var raskast under forsøksrunden på 60 m hekk under friidretts- NM søndag.

Under forsøket sprang Stavang i mål som førstemann med tida 8,18.

Den nest raskaste sprang på tida 8,33.

Søndag ettermiddag er det finale, der Stavang har gode sjansar på gullet.