Nye strålande tider

(Foto: )

Av

Øyvind Kjerpeset har verkeleg funne godformen.

DEL

Les Firdaposten i 5 veker for BERRE 5 kr!

I går sprang Øyvind Kjerpeset ein heilt utruleg 100 meter under Norway Games, og sat ny krinsrekord med 10,43. I dag fulgte han opp med å springe 200 meter på tida 20,98. Dermed har han sletta to krinsrekordar i helga.

- Eg klarte å springe under 21-blank, som var målet mitt. Det er utruleg kjekt å vere i så god form som eg er no, seier 21-åringen.

Kjerpeset sprang med motvind i svingen under 200 meteren. På oppløpssida fekk han 1,3 i medvind. Forholda var altså ikkje heilt optimale, noko som gjer tida endå meir imponerande.

I tillegg sprang Kjerpeset 300 meter i dag. Den gjekk unna på 33,45. Dette er, ifølge mor Tone Strømmen Kjerpeset, ca fem hundredeler bak den norske rekorden på den litt uvanlege distansen.

No er det NM til neste helg som står for tur. Der satsar Florø-guten på å senke den personlege rekorden på spesialdistansen 400 meter hekk. Rekorden er på 49,95.

- Eg er i mykje betre form no enn eg var då eg sat rekorden. Om forholda er optimale er det absolutt mogleg å senke rekorden ytterlegare, fortel florøværingen.

Artikkeltags