Ny, sterk prestasjon

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Under friidretts-NM i Lillehammer vart det fjerdeplass på stavhopparen Kim Nes Leirvik.

DEL

Det var berre åtte deltakarar i stavsprang, slik at alle gjekk direkte til finalen i ettermiddag. Med 4,40 hadde Kim Nes Leirvik, Florø T. og IF, berre tre mann føre seg på resultatlista. Nes Leirvik klarte alle høgder til og med 4,40 i første forsøk, og han var dermed 10 centimeter unna ein bronseplass. Kim Nes Leirvik er fødd i 1988 og kjem frå Svelgen, der han tok sine første stavhopp under Ingvald Ytrehus si kunnige leiing.

Resultat stav:

1. Hans Olav Uldal, IK Grane 4,60.

2. Henning Dahl Holti, Moelven IL 4,60.

3. Magnus Løvstad, Moelven IL 4,50.

4. Kim Nes Leirvik, Florø Tog IF 4,40

5. Per Magne Florvaag, Sandnes IL 4,40

Artikkeltags