Bremangarane gjer det godt

Leirgulen J14. Foto: Espen Gulliksen.

Leirgulen J14. Foto: Espen Gulliksen.

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Dei tre bremangerlaga som deltek på årets Norway Cup gjer det bra i sine grupper. Det fortel Espen Gulliksen på telefon frå Ekebergsletta tysdag ettermiddag.

- Det går veldig bra med laga våre. Svelgen G16 er allereie i A-sluttspelet i si gruppe, og i kveld har Leirgulen J14 sjansen til å komme seg vidare til sluttspel som 2. laget, dersom dei speler uavgjort eller betre mot Rennebu.

Svelgen G16. Foto: Beathe Leirgulen

Svelgen G16 sikra seg A-sluttspel, etter at dei første dagen slo Åsane 4 1-0, ein kamp der svelgarane for øvrig regjerte på bana. I går vann dei 7-0 over Vindbjart, men i dag tapte dei 3-1 mot det egyptiske laget Oreon Sporting. Dei går vidare som 2. lag til sluttspel.

Svelgen G14

Svelgen G14 slo Ulfstind 6-2 i første kampen deira, og i går slo dei Vålerenga 4 5-1. Gutane vann nettopp 1-7 over Hødd 2.

Leirgulen J14 er eit samarbeidslag mellom spelarar frå Ålfoten, Leirgulen, Davik og Svelgen. Dei har også gjort det veldig bra på cupen. Først slo dei Tertnes 3-1. I går slo dei Emblem Blå 2-0, men i dag tapte dei 2-0 mot Lura. Som sagt, greier dei uavjort i kampen i kveld, går dei likevel vidare til A-sluttspelet.

Alle tre laga held til på samme skule under cupen.

- Det er ei veldig god stemning her, med mange foreldre og kring 30 ungar som alle har det veldig kjekt, seier Gulliksen.

Artikkeltags