Norgesmeister!

Øyvind Strømmen Kjerpeset

Øyvind Strømmen Kjerpeset (Foto: )

Øyvind Strømmen Kjerpeset var desidert raskast under 400-meter hekk i NM laurdag.

DEL

Les Firdaposten i 5 veker for BERRE 5 kr!

Øyvind kryssa målstreken på tida 50,38, godt framføre nestemann over streken, som kom inn på tida 51,69. Det gjer at han no kan smykke seg med tittelen Norgesmeister på 400m hekk. Men det var likevel ikkje nok til å slå hans eigen norgesrekord frå 28. juni på tida 49,95, som var det store målet for dagen.

- Han tok ein råsjanse og prøvde ta 13 steg dei første hekkane i staden for 14 slik han brukar gjere. Men ei lengre steglengd gjer at ein spring seg fortare stiv. Det gjorde han dessverre, seier mor Tone Strømmen og legg til:

- Men i Zurich komande torsdag skal han springe slik han er van til, då kjem han til å slå rekorden, seier ho.

Artikkeltags