Neste helg kan du sjå Øyvind springe mot VM- og EM-meister Warholm på Byrkjelo

NM friidrett for jr. Øyvind Strømmen Kjerpeset. (Foto: Terje Pedersen, ANB)

NM friidrett for jr. Øyvind Strømmen Kjerpeset. (Foto: Terje Pedersen, ANB) Foto:

GLOPPEN: 21 utøvarar frå fylket skal kjempe om medaljar når NM i friidrett på Byrkjelo blir arrangert 17.–19. august.

DEL

– Det er særs gledeleg at den lokale troppen er så stor, seier NM-general Rolf Kjetil Egge i ei pressemelding. Det skriv Firda.

– For utøvarane er det stas å konkurrere på heimebane, og for publikum blir det jo berre endå meir underhaldande og mange å heie på.

Warholm til Byrkjelo

NM i friidrett på Byrkjelo blir arrangert 17.–19. august. Då skal Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø kjempe mot VM- og EM-meister i 400 meter hekk, Karsten Warholm.

– Norsk friidrett er i skotet som aldri før no og det er utruleg mange gode utøvarar. Det ser vi jo no under EM at det er knytt store forventingar til mange, og at fleire også innfrir. Karsten Warholm ser også på Byrkjelo som si andre heimebane, så dette er verkelege? løp eg ser fram til, seier Egge i pressemeldinga.

Fredagen kan ein sjå Breimsjenta Trude Raad kjempe mot Beatrice Llano om sleggegullet.

Då han var 19 bestemte Thomas (21) for å satse – laurdag kasta han seg inn i historiebøkene

Tre brør i to duellar

Dei tre brørne Ingebrigtsen kjem til Byrkjelo og møtast i to duellar. Dei stiller alle på både 800 meter og 1500 meter, heiter det i pressemeldinga frå arrangøren.

Thomas Mardal frå Gloppen og Eivind Henriksen, som nyleg sette ny norsk rekord i slegge under EM i Berlin, skal også konkurrere under arrangementet.

Eivind Øygard frå Jølster skal mellom anna møte førdianaren Marius Vedvik (spring for Gular) på startstreken for 10 000 meter. Cecilie Rise frå Gloppen gjer også comeback på heimebane i ein alder av 41 år.

– Det er ikkje tvil om at det er mykje å gle seg til under stemnet. Sett med Sogn og Fjordane-auge blir det også spanande å sjå kva fire utøvarar som deltek frå lokale klubbar som utmerker seg mest og får med seg klokker til ein verdi av 20.000 kroner, seier Egge i pressemeldinga. 

Artikkeltags