Turen, som gjekk til Karlskarstova på Langesi, hadde blant anna det formål å lære elevane om sikkert vegval på ski, snøskred, livberging og å lære seg å bruke ski i ulike samanhengar.
– Veldig morosamt, men på ein svært lærerik måte, meiner Silje Kristine Nørstebøen (15).
Full aktivitet
Med lærar, Trond Hatleset, og assistent, Lene Marie Vedvik, som vaksne med seg på turen, reiste alle saman opp med buss ved skulestart. Det gjekk ikkje lang tid før det var skisport over alt og alle saman rann over av energi. Det var laga skihopp, snøholer og eit par prøvde seg også på snowboard.
Når det nærma seg kveld kom også Svelgen Røde Kors opp, og lærte vekk mykje av det dei kunne om livredning. Dei aller fleste synest det var moro med dette besøket, og gjennom kvelden så fekk dei gå igjennom både gjenoppliving av den kjende Røde Kors-dukka ”Little Anne”, lære korleis ein skulle behandle folk som ligg skada i snøen, lære mykje om frostskadar og mykje meir. Med Leo Cirotzki i spissen fekk Røde Kors lært 10. klassingane både nye og gamle kunster om mykje av det som har med livberging å gjere.
Langtur
Etter ei lang natt inne på Karlskarstova var det igjen tid for å få ski på beina. Klokka ni var alle ute og klare for ein lang tur i fjellet. Det skulle ikkje mange oppoverbakkar til før fleire nesten sank utmatta saman, men likevel kjempa seg vidare. Det var mange oppoverbakkar, men dei vaksne på turen motiverte alle ungdommane til å komme seg oppover. Men medan oppoverbakkane var tunge og slitsame, var turen ned igjen heilt annleis.
– Oppover, det var jo kjempeslitsamt, meiner Christina Rogne (16), men det å komme seg ned igjen, det var jo kjempemorosamt! heldt ho fram med eit smil.
– Sjølv om eg kanskje for det meste nærmast sat på skia i staden for å stå då. Men det var kjempekjekt!” ler ho.
Mykje på programmet
Seinare same dagen var også alle i aksjon ute for å byggje seg snøholer. Hatleset hadde først forklart alle grundig om korleis ei snøhole måtte vere for å kunne sove over i den. Så dei delte seg opp i ulike grupper, og alle begynte på sine eigne prosjekt. Fleire vart ferdige, men nokre måtte til slutt innsjå at prosjektet dei hadde sett i gang med var for stort, og måtte gje seg halvferdige. Dei fleste hadde også då lagt planane om å overnatte i holene, på hylla.
Men det var endå meir på programmet den kvelden. Det vart nemleg arrangert langrennsløp, med ei hemmeleg idealtid. Alle elevane deltok, litt sletne etter dagen, men premielystne med på løpet. Idealtida, som viste seg å vere 10 minutt, var det Silje Kristine Nørstebøen (15) som var nærmast. Ho vart, litt overraska, overrekt ein påskehare i sjokolade, med tida 9.56 minutt.
Siste dagen
Etter dagar med nydeleg vêr, kveldar med mykje kortspel, netter med mykje snorking, og med mykje våte klede i bagasjen var det, torsdag, klart for å reise ned til Svelgen att.. Men før alle sette i gang med å vaske Karlskarstova og rydde unna alt dei hadde med seg, var det endå litt meir å lære ute i snøen, der Hatleset underviste elevane i korleis å søkje etter liv i snøskred, og korleis sjekke om snøen er utan fare for snøskred. Etter dette vart alt grundig reingjort, og alle rusla mot parkeringsplassen der bussen kom like etter. Klassen var då klar for retur.
Nokre var blitt forkjøla, andre var kjempetrøytte, medan eit fåtal var like fulle av energi som då dei kom opp.
– Eg kan beskrive turen med eitt ord, meinte Karoline Rogne (15), og ho snakka nok for alle når ho sa det:
–Kjempekjekt!