Mikael i vinnarmodus

Mikael Johansen viser at han framleis har det i seg. Søndag vann han Ålesundrittet.

Mikael Johansen viser at han framleis har det i seg. Søndag vann han Ålesundrittet. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Florø-mannen Mikael Johansen vann søndag Ålesundrittet etter ein intens massespurt.

DEL

Arrangørane kjørte både turritt og veteranritt samla på søndag som førte til eit ekstra stort felt i rittet som gjekk to rundar rundt Emblemsfjellet med ein distanse på om lag 80 kilometer.

Massespurt

På tampen låg Karl Erik Kravik og Mikael Johansen i tet. Duoen hadde låge lenge i tet og hadde full kontroll på hovudfeltet – trudde dei.

Dei mange bilane som låg bak tet-trioen skjulte hovudfeltet som kom dundrande bakfrå og øydela idyllen. Dette utløyste ein massespurt der Florø-mannen Mikael Johansen klarte å karre seg dei nødvendige tidelane framfor Mikael Hoem Brunsvik og med det tok sigeren i Ålesundrittet.

– Eg prøvde å stikke frå fleire gonger, men eg blei henta inn att gang på gang. Men det gjekk endeleg då eg og Karl Erik Kravik gjekk i eit tomannsbrot og vi opparbeida oss ei stor leiing. Men arrangørbilen var ei stor Caravelle, så vi såg ikkje hovudfeltet før dei plutseleg var der. Men eg vann heldigvis spurten, seier ein letta Johansen på telefon frå Ålesund.

- Han er ein av dei beste i fylket

Leiar i Florø Cykleklubb, Geir Kristiansen, er imponert over Johansen sin prestasjon.

– Som syklist er han ein av dei fremste uthaldsutøvarane i Sogn og Fjordane. CV'n hans i turritt er etter kvart veldig imponerande. Han har mellom anna vunne Jotunheimen rundt heile fire gongar, seier Kristiansen og legg til:

– Det var eit rimeleg høgt nivå på Ålesundrittet. Mikael konkurrerte med Carl Erik Kravik som er ein veldig sterk ryttar som køyrer tempo på eit høgt nasjonalt nivå, trass i at han er forholdsvis fersk på sykkelen.

Totalt var det 153 syklistar som fullførte turrittet, medan tolv deltok i Temporittet.

Artikkeltags