May Britt Buer, som representerer Gular IL, kryssa mållinja på fantastiske 31,49, og tok dermed sin andre siger på Vetenløpet. Ho tok førsteplassen og sette ny løyperekord også i 2010.
Med sine 31,49 kom ho også på andreplass samanlagt under Vetenløpet, og skriv dermed historie, det er nemleg første gongen at ei kvinne er representert blant dei tre beste totalt.
På herresida sikra Tomas Bereket, Larvik Turn, førsteplassen med god margin, han kryssa målsnora på Veten etter 28 minutt og eitt sekund. Nummer to var jølstringen Geir Øygard med tida 32,54, medan Ole Jonny Vallestad frå Holsen tok tredjeplassen med tida 33,13.
Tilsaman var det 433 registrerte deltakarar på Veten, 71 av desse sprang i konkurranseklassa.
– Då vi talde opp påmeldingane seint fredag kveld, var det i underkant av 240 påmelde totalt. Det vil seie at over 250 personar melde seg til start på føremiddagen laurdag, og det var rimeleg hektisk ein periode med å få registrert alle. Det er veret som er avgjerande for kor mange som til skutt melder seg på, og i år spelte vergudane absolutt på lag med oss, fortel påmeldingsansvarleg Gisle Skjølberg.
Sjå nettsida til Vetenløpet her!