Tysdag vart Tine-stafetten 2016 arrangert på Eikefjord idrettspark, sidan dekket på friidrettsbana på Florø stadion ikkje er klart til bruk.

I år kunne dessutan ikkje elevane ved Florø barneskole delta. Men det la ingen dempar på gleda hos deltakarane frå dei 15 skulelaga som var deltok under årets stafett.

I solsteiken i Eikefjord konkurrerte klassane og skulane seg mellom. Det var likevel ei god stemning på stadion, og foks var retta mot samarbeid, lagbygging og sportsånd. Sjetteklassen frå Krokane skule vann prisen for det beste publikumet, både visuelt og verbalt.

LES OGSÅ: Blir kraftig barbert

Dette var det 15. året Tinestafetten blir arrangert i Flora kommune. På landsbasis var det om lag 106.000 deltakarar fordelt på 290 ulike arenaer.

Bildeserie

Tinestafetten 2016

Resultat Tinestafetten:

6. klasse:

1. Torvmyrane: 4,41 minutt.

2. Krokane 1: 4,43 minutt.

3. Krokane 2: 4,51 minutt.

4. Eikefjord: 4,53 minutt.

7. klasse:

1. Krokane 1: 4,22 minutt.

2. Torvmyrane: 4,32 minutt.

3. Krokane 2: 4,39 minutt.

4. Eikefjord: 4,52 minutt.

5. Torvmyrane 2: 4,57 minutt.

8. klasse:

1. Eikefjord: 4,26 minutt.

9. klasse:

1. Eikefjord: 4,23 minutt.

Open klasse:

1. Brandsøy 1: 5,00 minutt.

2. Torvmyrane: 5,01 minutt.

3. Brandsøy 2: 5,03 minutt.

4. Krokane: 5,10 minutt.