Gå til sidens hovedinnhold

Aller yngst i junior-NM

Jakob var den einaste i landet fødd i 2002 som klarte å kvalifisere seg til junior-NM.

Artikkelen er over 6 år gammel

Florøguten Jakob Stavang Stubhaug spelte siste runde i junior-NM i golf denne veka.

Enklare for dei eldre

12-åringen er den desidert yngste av alle deltakarane. Han fekk vere med i år fordi han fyller 13 år i haust, og er den einaste frå sitt år som kvalifiserte seg. Mellom dei 13 andre deltakarane er fire golfspelarar 14 år. Alle dei andre er 15. Det byr på store fysiske utfordringar når bana er lang, og dei fleste andre større. Då kan ingen seie at 11.-plass ikkje er ein kjempeprestasjon. Planen er å sjå på årets turnering som eit læreår.

Har delteke på alle turneringane

– Endeleg var eg gammal nok til å få vere med. Eg har gleda meg til å bli gammal nok. Eg lar meg ikkje stoppe av aldersavgrensingar, seier golftalentet. Interessa har han frå endelause timar på golfbaner rundt om i fylket saman med faren Magne Stubhaug. For Jakob fekk vere med på bana frå han var eitt år gammal.

Endeleg er eg gamal nok til å vere med.

Jakob Stavang Stubhaug, golfspelar frå Florø

Junior-NM er den sjette turneringa på årets Titleist Tour, og har gått føre seg på golfbana på Bogstad. Bana blir sett på som den beste av familien, og dei veit litt om baner rundt om i landet. Jakob har nemleg delteke på alle turneringane, som ifølge faren har det høgste nivået i landet.

Trenar aleine

– Det er veldig kjekt. Stas, seier Jakob. I tillegg til alle golfturneringane har han delteke på Storsjøcupen i fotball. Det er nemleg ein fordel å drive med ein idrett i tillegg til golf viss ein vil vere sosial innan ungdomsidretten i Florø.

Medan dei fleste andre på junior-NM trenar med eit lag og har fast trenar, går Jakob som oftast og trenar for seg sjølv. Når foreldra kan vere med trenar han i Brandsøy. Ifølge den golfengasjerte familien er der ikkje eit miljø for unge golfspelarar i Florø – og heller ikkje i fylket. Berre to-tre andre i fylket på Jakob sin alder konkurrerer på hans nivå.

Kommentarer til denne saken