Får ballen til å rulle for integrering

Kjekke adjektiv: Kjekt! Bra! Gøy! svarar gutane då Firdaposten spør dei korleis dei har det på handballskulen. Bakarst f.v.: Asmar (8), Tito (8), Gaute (7), Brage (8). Midten: Omar (8), Jakob (8), Oskar (8) og Harald (7). Fremst: Markus (8), Hamza (8) og Tord Andre (8). Foto: Siri Linn Brandsøy

Kjekke adjektiv: Kjekt! Bra! Gøy! svarar gutane då Firdaposten spør dei korleis dei har det på handballskulen. Bakarst f.v.: Asmar (8), Tito (8), Gaute (7), Brage (8). Midten: Omar (8), Jakob (8), Oskar (8) og Harald (7). Fremst: Markus (8), Hamza (8) og Tord Andre (8). Foto: Siri Linn Brandsøy

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Denne veka er det mange smil og «peace»-teikn å sjå i Florø Idrettssenter.

DEL

– Kjekt! Bra! Gøy! kjem det frå ein gjeng med gutar då vi spør dei korleis dei har det på handballskulen. Dei poserer for fotografen med store smil og «peace»-teikn.

Dei er berre ein gjeng av mange. I alt er der ca. 135 born, 55 instruktørar og 10 foreldre som er i full aksjon under årets handballskule.

– Vi har hatt ei gradvis auke i tal på elevar dei siste åra. Av dei 135 som er her i dag er 40 av dei innvandrarborn. Det er dobbelt så mange som vi hadde i fjor, då var dei 20 som fekk vere med gratis med støtte frå Frivilligsentralen, fortel Morten Mortensen. Han er ei av eldsjelene i Florø SK Handball som engasjerer seg for integrering og inkludering.

Klubben samarbeider med Flora Helsestasjonen, Innvandrarsenteret og Norsk Sjølvhjelp for Flyktningar (NOSFO) om å få fleire born med innvandrarbakgrunn med på laget.

– Det er kjekt at vi får ballen til å rulle og at vi har med fleire born med innvandrarbakgrunn i år. Spesielt ser vi at foreldre frå Eritrea og Somalia engasjerer seg, held han fram.

Vil støtte borna
Framtidige trenarar og spelarar: F.v. Sium Mahari, saman med sonen sin og dottera Edom (6), og Fahmi Mohamed, saman med dottera Lamis (7).

Framtidige trenarar og spelarar: F.v. Sium Mahari, saman med sonen sin og dottera Edom (6), og Fahmi Mohamed, saman med dottera Lamis (7).

Fahmi Mohamed, frå Somalia, er ein av foreldra som er med og jobbar frivillig denne veka.

– I Somalia er det ikkje vanleg at jentene driv med sport, det var derfor vi flytta til Florø, spøkar han.

Dottera hans Lamis (7) synast at det er kjekt å lære handball.

– Kva er det kjekkaste med handballskulen då?

– Å stå i mål og score mål, svarar ho.

Venninna Edom Sium (6) synast at det beste med handballskulen er å leike katt og mus. Far hennar Sium Mahari, frå Eritrea, er også med på dugnad.

– Borna likar handball, så vi må vere med å støtte dei, seier han.

Mohamed nikkar.

– Ja, vi må støtte borna og vere med på det som dei likar. Er dei fornøgd, er vi fornøgd, smiler han.

På sikt planlegg dei to fedrane å engasjere seg endå meir. Dei vil gjerne vere med på å trene opp Florø sine framtidige handballtalent.

– Vi planlegg å ta eit trenarkurs i handball om ikkje så altfor lenge, fortel Mohamed.

Borna likar handball, så vi må vere med å støtte dei

Sium Mahari, Far frå Eritrea

Sender ballen vidare

På handballskulen denne veka er det instruktørar frå ungdomslaga til Florø SK Handball som har ansvar for å sende ballen vidare til dei yngste. Dei skal lære vekk dei grunnleggande reglane og teknikkane til sporten.

– Det er utruleg kjekt og lærerikt, men og veldig utfordrande då mange av borna ikkje kan handball frå før, fortel Kristine Orheim, som til vanleg spelar på J-15 sitt lag.

Thomas Berhane (17), frå G-18 og herrelaget, er einig og legg til:

– Men det viktigaste er at ungane har det gøy i lag.

Artikkeltags