Slik lyder «Stimen»

I Stimen: Børre Sivertsen har følgt gutane på bana sidan dei «gjekk med smokk» som han seier. No håper han å sjå dei i Obos-ligaen. Alle Foto: Siri Linn Brandsøy

I Stimen: Børre Sivertsen har følgt gutane på bana sidan dei «gjekk med smokk» som han seier. No håper han å sjå dei i Obos-ligaen. Alle Foto: Siri Linn Brandsøy

Artikkelen er over 3 år gammel

Under laurdagens heimekamp sat Firdaposten seg på tribunen for å snakke med ekspertane på sidelinja.

DEL

Det er pause og stillinga er 2–1 til Florø – Vard-Haugesund. Børre Sivertsen, medlem av «Stimen», sit på sin faste plass ved ein av søylene nedanfor gamlekiosken.

– Når Florø spelar heime så er jo nervane på plass med det same eg slår opp auga, og eg er tidleg klar. Eg er alltid på kamp ein time før kampstart. Eg har min faste plass, og føler at eg er veldig engasjert under kamp.

Spenning

– Det er jo veldig spennande, og i alle fall slik som situasjonen er no. Vi kjempar som sagt om opprykk og då er jo det meir spennande, fortel han.

Sivertsen har følgt gutane på bana sidan «dei gjekk med smokken i kjeften» og spelte på Norway Cup og Dana Cup om somrane. Han er og ein av dei som har vore i bresjen for å få faste rammer rundt supporterklubben, som større arrangement på cupkampane, nødbluss, flagg, skjerf og anna pryd som må til då dei skal heie laget fram og opp.

– Eg har bidratt med mykje, men no er det dei yngre gutane som har overtatt «Stimen», så no er det dei som køyrer løpet, smiler han lurt.

Jon Håvard Strømsnes er med i den yngre banden som Sivertsen refererer til.

Han har vakse opp med klubben tett til brystet, og har heia på dei sidan dei var brune og kvite og namnet FSK.

Pyntar opp byen

Saman med kameraten, Øyvind Årdal, har han tatt på seg ansvaret for å pynte opp byen under heimekampane med Florø Fotball-flagga som strekk seg frå Gobiten i Havrenest til Evja.

– Det er jo naturleg at du støtter oppom laget ditt og byen. Og «Stimen», vi er jo ikkje organisert. Det har jo berre blitt til at vi lika å følge laget og heie dei fram. Spesielt i år då dei ligge an til opprykk. Då blir det jo meir entusiasme. Håper vi! seier han engasjert.

Høyr meir i Firdaposten sin første podkast:

Artikkeltags