Florø Fotballs OBOS-lag er sjølvsagt flaggskipet i vår fotballflåte, men det spelast mykje fotball utanfor toppfotballens skarpe søkelys. I Kretsligaen har Florø 2 heva seg etter sommarferien, og ligg no på ein sjuandeplass. Sjølv om prestasjonane svingar med kor mange førstelagsspelarar dei kan stille med, har dei truleg lagt nedrykksstriden bak seg for godt. Sjølv om det blei tap heime mot Dale på laurdag med 1–3.

Kasta vekk sjansen

Meir spennande er det nok korleis det går med Bremanger, som ligg som nummer tre frå botnen med tre kampar att å spele. Laurdag kunne dei tatt eit langt steg mot trygg plass heime mot nedrykksrival, men den sjansen kasta dei vekk. Det blei 3–3 i Bremanger, og med begge topplaga i divisjonen igjen kan det bli tøft for Bremangarane å redde plassen. Fjøra ligg elles an til å vinne Kretsligaen suverent. Dei har eit sju poengs forsprang på Stryn i toppen.

Verken Flora eller Bremanger har lag i femte divisjon, men det kan endre seg til neste år. I sjette divisjon har nemleg Eikefjord og Tempo festa grepet om dei to øvste plassane. Også her er det tre kampar igjen å spele, og Eikefjord toppar tabellen, tre poeng føre Tempo. Som igjen er fire poeng framfor Førde 3.

Tempo og Eikefjord har følgt kvarandre tett gjennom heile sesongen. I førre serierunde vann Eikefjord med solide 5–1 borte mot Askvoll/Holmedal, medan Tempo tapte 2–3 for eit forsterka Svelgen/Bremanger 2 der mellom anna bautaen Tore Rylandsholm spelte midtstoppar.

Divisjonsfinale

Om både Eikefjord og Tempo gjer jobben sin i dei neste to kampane ligg det an til ein rein divisjonsfinale i oktober på krøllgraset i Eikefjord der heimelaget tek i mot Tempo til årets siste kamp. Tempo har betre målskilnad og kan vinne divisjonen om dei vinn dei tre siste kampane.

Det kan bli tøft nok, dei har igjen to sterke lag før den tid, dei spelar borte mot Fure etter at Firdaposten har gått i trykken på tysdag, og så møter dei Førde 3 heime om ein veke. Eikefjord har litt lettare program, dei møter Hyllestad/Dale tysdag, og Gaular som ligg nest sist om ei veke. Før dei altså tek i mot Tempo til slaget om Flora i siste serierunde.

Florø 3 spelar også i 6. divisjon, og ligg sist på tabellen med fire bokførte poeng.