Brann startar haustsesongen på Florø stadion

Ragnar Langedal og Anders Ole Sunnarvik

Ragnar Langedal og Anders Ole Sunnarvik Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Førstkommande onsdag går «Toppfotball Sunnfjord" av stabelen igjen for fyrste gong sidan 2012. Eliteserielaget Brann skal gjennomføre eit treningsopphald, i tillegg skal det spelast ein kamp mot eit samansett Firda/Firdaposten lag klokka 18 på torsdag.

Høgtflygande Brann skal gjennomføre to treningar kvar dag på Florø Stadion og om alt går etter planen får dei ei økt på Eikefjord stadion på laurdag før avreise, fortel Anders Ole Sunnarvik. Treningane blir sjølvsagt opne for publikum. Sunnarvik er i lag med Ragnar Langedal pådrivar for "Toppfotball Sunnfjord", eit arrangement dei har arrangert åtte gonger sidan dei starta opp i 2001. Den gongen debuterte Uwe Rösler i norsk fotball på Eikefjord stadion, det var stort, fortel Sunnarvik. Vi byrja å dra på åra og det er mykje jobb, men når ein ser kva vi sit igjen med, så er det ein liten pris å betale. I tillegg må eg dra fram eldsjelene som alltid stiller opp, utan dei hadde ikkje vi hatt moglegheit til å gjennomføre dette. Av desse eldsjelene drar Sunnarvik fram Atle Hopen som er fast billettør. Eg hugsar tilbake til ein kamp mellom Brann og Sogndal i Eikefjord, der nokre Brannspelarar kom i eigen bil, Atle var ikkje verre på det enn at han tok betalt av dei også, humrar Sunnarvik.

På spørsmålet om kva som driv dei til å bruke tida si på arrangementet blir det brått stille hos den vanlegvis ordrappe Eikefjordingen. Det må vere alt engasjementet rundt og det at dei unge spelarane i fylket får moglegheita til å møte eit topplag i Noreg. Dette er sjette gongen vi får Brann på besøk, i tillegg har lag som Molde, Aalesund, Sogndal og Lillestrøm vitja oss, fortel Sunnarvik som er tydeleg entusiastisk over at bergenslaget har lyst tilbake til Sunnfjord. Per dags dato ligg Brann berre eit poeng bak bronseplass, så det er eit topplag i norsk fotball som kjem, i tillegg er dette på Brann sitt eige initiativ, noko som gjer det ekstra kjekt for oss. Utanom det reint sportslege skal Brann-trenar Lars Arne Nilsen halde eit foredrag for inviterte gjester hos Sparebanken Vest. Temaet til Nilsen er korleis Brann har utvikla seg frå eit botnlag til eit topplag.

Skal prikke haustformen
Lagleiar i Brann, Dan Riisnes ser fram til treningsleiren. Vi har vert i Flora ved fleire tidlegare høve og veit kva vi får. Treningsanlegga er upåklagelege, maten er veldig god og folket er vennlege, og så må vi dra fram gjestfridommen på hotellet. Det har rett og slett ikkje vert noko å utsette på tidlegare opphald, fortel Riisnes. Målet med treningsleiren er å få nokre gode økter og prøve å prikke haustformen, slik at vi er budde til serien startar opp igjen, fortsett den tidlegare målvakta.

Bestemmer seg måndag
Det samansette "Firda/Firdaposten" laget blir styrt av Florø-trenar Terje Rognsø og Nils Tore Krosshaug. Stig Roger Eide er lagleiar. Troppen er enda ikkje tatt ut, men vil innehalde spelarar frå både PostNord-ligaen, 3. divisjon og kanskje også 4. divisjon. Det er ei utfordring med tanke på belastninga på spelarane. Det er kamp i helga, tredje divisjon har full runde på onsdag før det er kampar igjen neste helg. Vi får ta ei oppsummering på måndag, fortel Rognsø. Frå Florø kunne eg tenkt at Nicklas Frenderup kunne stått ein omgang, noko meir konkret veit eg ikkje enda.

Program for «Toppfotball Sunnfjord»

Onsdag:

Brann trenar på Florø Stadion: 17:00
 

Torsdag:

Brann trenar på Florø Stadion: 10:30
Kamp mot Firda/Firdaposten-laget 18:00
 

Fredag:  

Brann trenar på Florø Stadion: 10:30
Brann trenar på Florø Stadion: 16:00
 

Laurdag:

Brann trenar på Eikefjord Stadion: 10:30


 

Artikkeltags