Tok tabelltopp til tross for fem baklengs

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Fredag ettermiddag kunne Eikefjord ta over tabelltoppen i 5. divisjon avdeling 2 med siger over Stryn 2. Det skulle ikkje bli enkelt for dei oransjkledde. Strålande sol og tilskodarrekord for sesongen var ramma rundt kampen på Eikefjord stadion, og det var tydeleg at heimelaget ville gje tilskodarane underhaldning.
Tjue minuttar etter at kampleiar Magne Vårdal hadde sette i gang kampen hadde Eikefjord laga to mål. Det første på eit hjørnespark ved Andreas Hopen og det andre der toppscorar Kristoffer Book vart spelt gjennom.

Frå god fotball til kollektiv svikt
– Dei første tjue minuttane spelte vi glitrande fotball, men så snudde det til ei forferdeleg avslutning på omgangen, fortel Eikefjord-trenar Håvard Mjølkeråen. På kort tid scora Stryn 2 fire mål, så reduserte Kristoffer Book før Stryn 2 fastsette pauseresultatet til 3–5.
– Måla skyldas rett og slett personlege feil, sukkar Mjølkeråen.

Visar god moral
Etter pausepraten snudde kampbilde, nok ein gong. Eikefjord starta den andre omgang som i første, med høg intensitet og høgt press. Eit tidleg mål av innbytar Kristoffer Sigdestad utløyste nok eit målras og det enda til slutt med svimlande 7–5 på Eikefjord stadion. Monday Seskey Solo scora sitt første for klubben, i tillegg til at Sigdestad noterte seg for sitt andre og Kristoffer Book fullbyrda sitt hat-trick.
– I andre omgang visar laget god moral. I tillegg vert vi meir bestemt bakover og får luka vekk ein del feil. Vi fekk litt tyn for underhaldningsverdien mot Hornindal, det var få som klaga på den no. På måndag skal vi nullstille og så håpar vi på å avslutte vårsesongen med siger over Tambarskjelvar på fredag, smiler litt Mjølkeråen litt betenkt.

Kampfakta:
Eikefjord stadion
Dommar: Magne Vårdal, Askvoll og Holmedal IL
Eikefjord – Stryn 2.   7–5 (3–5)
Målscorarar: Kristoffer Book x3, Kristoffer Sigdestad x2, Andreas Hopen, Monday Seskey Solo

 

Artikkeltags