Med to runder igjen av divisjonen står også toppscorarane på dei to laga med 15 mål kvar. Sjølv om FSK har blitt seriemeistrar allereie kan Torstein Grytten i Eikefjord snyte storebror i vest frå toppscorartittelen.

Floralaga Florø Sportsklubb og Eikefjord IL har den klart beste målskilnaden av laga i 4. divisjon i år. FSK har 44 plussmål, medan Eikefjord har 42 med to runder igjen av divisjonen. Dette er langt føre Årdal på tredjeplass med 24 plussmål. Jølster som ligg på tredjeplass på tabellen har berre åtte plussmål i tillegg til at dei har ein kamp meir spela enn dei tre andre.

I dei to Floralaga er det Torstein Grytten i Eikefjord IL og Tomas Svardal i Florø Sportsklubb med 15 mål som knivast om toppen av trona. I Jølster er det Kåre Åmot med seks fulltreffarar som scorar mest og i Årdal er det som venta Morten Brandsdal som er toppscorar, men han har enno ikkje tosiffra tal mål å vise til.

– Eg har eit veddemål på gang med Tom René Ørnehaug i Florø om kven som scorar flest mål av oss denne sesongen, så den sigeren reknar eg i alle fall med å innkassere. Eg har seks mål på han så langt, seier Grytten og ler. Tomas Svardal har berre elleve kampar sålangt, men har scora på bestilling etter at han aksla den brune trøya. Han har derimot to gule kort så med ein tøff takling mot Askvoll kan han avslutte sesongen allereie søndag og gå glipp av den siste kampen borte mot Syril.