Gå til sidens hovedinnhold

Klare for Svelgentreffet

Artikkelen er over 18 år gammel

SVELGEN: Til helga er det klart for nytt Amcar-treff i Svelgen. Det er tiande gong Amcar-klubben arrangerer eit slikt treff, og dei har etter kvart vorte velrenommerte rundt om i landet. Fredag er det venta storinnrykk av dei flotte doningane.

Svelgen Amcar club starta opp i 1992, og har i dag 28 betalande medlemmer. Men talet på bilar som klubbmedlemmane eig er heile førti. Av desse er det rett nok ikkje alle som er på vegen, men står i garasjar rundt omkring og vert skrudd og mekka på. Geir Leirvik er den i klubben som eig flest bilar. Han har ti stykke ståande.

Ikkje dyrare enn andre hobbyar

Den lidenskaplege interessa for slike køyretøy er vanskeleg å forklare for medlemmene i klubben, men interessa er sjølvsagt stor.

– Det er lyden og kjensla, seier Kristin Solberg, som er ein av dei kvinnelege medlemmene og som har sin eigen bil.

– Og dessutan kan ein sjå forskjell på bilar som er bygde for 30 år sidan, det kan ein ikkje på bilar som er bygde i dag, legg Tor Helge Ulvemoen til. Dei hevda at det ikkje treng å vere dyrt å ha ein slik lidenskap, men meiner det er alt etter kva ein legg i det. Ein kan få ein god bil for 50 000 – 150 000 kroner, og vedlikehaldsutgiftene vert ikkje så veldig store på årsbasis.

– Det er ikkje dyrare enn andre hobbyar, slår Solberg fast.

Nytt klubblokale

Klubben i Svelgen har i år fått seg nytt lokale, og dette er i store trekk finansiert av treffet, som er blitt tradisjon i bygda.

– I tillegg har vi fått støtte av næringslivet her, gjennom at dei har kjøpt annonsar i foldarar og plakatar, fortel Christian Gulhaugen, som er leiar i klubben. Vi har jobba bevisst mot å finansiere eit eige klubblokale, og det har vi no fått, seier han. Dei har kjøpt bygget saman med Plan og bygg, og her har dei møtelokale og garasje med løftebukk. Men medlemmene legg ikkje skjul på at det er mykje arbeid som ligg bak eit slikt treff. Planlegginga startar ved nyttår, og det er lagt ned fleire hundre timar med arbeid.

– Men hadde det ikkje vore for lag og organisasjonar og privatpersonar, hadde vi ikkje fått til dette. Folk stiller opp og tar eit tak i treffhelga, og dette er vi veldig takknemlege for, seier Gulhaugen.

Ba om å få spele til dans

Tidlegare år har talet på besøkande lege stabilt på rundt 100-130 bilar, men dette er avhengig av veret. I fjor var Hellbillies det store trekkplasteret, og i år vert det vanleg dans på samfunnshuset. Og det er attraktivt for grupper å spele i Svelgen under amcar-treffet. Rough Ride som skal spele på dansen i år, tek ikkje full pris for oppdraget. Ifølgje gruppa si eiga pressemelding spelar dei ”country-rock, blues og rock i en herlig musikalsk blanding - og hovedingrediensen i bandet er spilleglede, sjarm og rutine”. I tillegg kjem Elvis-imitatoren Isac frå Måløy attende i år. Han har i mellomtida opptrådt på Tande-P sitt program Hodejegerne på NRK. Nytt av året er minidrag, det er dragrace for ungar og ”vaksne ungar” i radiostyrte bilar. Her er det berre å melde seg på i sekretariatet. For å delta på treffet må ein kjøpe billett. Denne koster femti kroner og gjeld heile helga, og ein kan i tillegg vinne ein flott premie på den. Planlegginga er over, og det er berre å håpe at vergudane spelar på lag med Amcar-klubben i år. Til helga vert det i alle høve brumming frå velstelte gamle doningar frå Amerika.