Bortesiger i jaktfelt

Breiare: Gjesteskyttarane beit bra frå seg på årets første jaktfeltstemne i regi av Flora JFF på Grovastøylen. Foto: Privat

Breiare: Gjesteskyttarane beit bra frå seg på årets første jaktfeltstemne i regi av Flora JFF på Grovastøylen. Foto: Privat

Artikkelen er over 3 år gammel

Sjølv om lokale skyttarar gjorde det bra, var det ein gjest sørfrå som var mest presis på dyrefigurane laurdag.

DEL

Å arrangere jaktfeltstemne er ingen spøk, heller ikkje på ein 1. april, slik Flora Jeger og Fiskerforening valte då dei laurdag opna stemnesesongen på Grovastøylen. Jaktfeltskyting er ei veksande skytegrein, der skyttarane stiller med rifler med kikkertsikte, og av typen som ein fint kan dra på hjortejakt med i skogen til hausten.

Blinkane som skal treffast er dyre- og fuglefigurar som står på ulike hald, og avstanden er ukjend for skyttarane. På kvar figur finst det ulike treffsoner som gir ulik poengverdi. Målet er flest mogleg sentrumstreff, og til slutt summerer ein resultatet på alle blinkar og kårar ein vinnar.

Etter ein sesong der deltakinga stort sett har vore lokal, verkar det no som stadig fleire skyttarar utanfrå oppdagar Grovastøylen. På stemnet laurdag kom det skyttarar frå Eid, Åsane, Svelgen, Gloppen, Jølstter og Hyen. Beste skyttar blei Øystein Knudsen frå Åsane, med 137 poeng, med hyaren Olav Marius Aa poenget bak. Martin Skulbørstad (Flora JFF) skaut 134 poeng, og Håvard Tonheim 132 poeng.

Klasse A: 1. Magnar Nyttingnes, Eid JFL;107. Klasse D21;Håvard Tonheim, FJFF;132. Klasse E1: 1. Aage Johnsen;Eid JFL;118

Klasse E2: 1. Øystein Knutsen;Åsane JFF;137. 2. Brynjulf Jarle Berge;Svelgen. JFF;121. Klasse F: 1. Bente Troye;Eid JFL;91. 2. Lene Solheim, Gloppen JFL;72.

Klasse Gj.: 1. Kurt E. Jacobsen, FJFF;124. 2.Asgeir Ellingsund, Flora JFF;82. Klasse JB: 1.Olav Marius Aa, Hyen JFF;136. 2.Børge Svardal,FJFF;124.3.Atle Lunde,Jølster Jff;121. 4.Reidar Lunde, Eid JFL;81. Klasse JC: 1.Martin Skulbørstad, FJFF;134.

Fleire resultat på Flora JFF sine nettsider.

Artikkeltags